Bodø: Kaupingen har bøtta inn mål for Bodø/Glimt denne sesongen. I helga vart det to nye då dei gulkledde banka Jerv 4-1 på bortebane. Med 25 mål er han soleklar toppskårar i divisjonen, og berre to mål bak ein svært gjev rekord.
I 2005 putta Daniel Nannskog 27 mål på ein sesong for Stabæk. Ingen har skåra fleire sidan førstedivisjon vart èi avdeling i 1997. Nestemann på lista er Pontus Engblom, som stoppa på 26 mål for Sandnes/Ulf i fjor.
Kristian Fardal Opseth har to kampar å tangere rekorden på, heimekampen mot Åsane på søndag og bortekampen mot Strømmen i siste serierunde.
Det blir ei tøff oppgåve, men med eit målsnitt på 0,89 til no i sesongen skulle det vere innafor rekkevidde.
Tek han att den munnrappe svensken vil han samtidig tangere klubbrekorden til Bodø/Glimt (etter 1977), sett av Ivar Morten Normark i 1990. Det året spelte nordlendingane på nivå tre i norsk fotball.
Toppskårarar i førstedivisjon etter 1997
- 2017 - Kristian Fardal Opseth (Bodø/Glimt): 25 mål, med to kampar att
- 2016 - Pontus Engblom (Sandnes Ulf): 26
- 2015 - Pontus Engblom (Sandnes Ulf) og Robert Stene (Ranheim): 17
- 2014 - Pål Alexander Kirkevold (Sandefjord): 19
- 2013 - Jo Sondre Aas (Ranheim): 18
- 2012 - Martin Wiig (Sarpsborg 08): 20
- 2011 - Vegard Braaten (Alta): 18
- 2010 - Marius Helle (Bryne): 17
- 2009 - Thomas Sørum (Haugesund): 24
- 2008 - Peter Kovacs (Odd): 22
- 2007 - Kenneth Kvalheim (Notodden): 23
- 2006 - Mattias Andersson (strømsgodset): 19
- 2005 - Daniel Nannskog (Stabæk): 27
- 2004 - Paul Oyuga (Bryne): 18
- 2003 - Markus Ringberg (Fredrikstad): 19
- 2002 - Morten Gamst Pedersen (Tromsø): 18
- 2001 - Bala Garba (Haugesund) og Marino Rahmberg (Raufoss): 18
- 2000 - Jostein Flo (Strømsgodset):25
- 1999 - Anders Blomquist (Haugesund): 16
- 1998 - Caleb Francis (Bryne): 18
- 1997 - Espen Musæus (Vålerenga): 16