MÅLSNIK: Kristian Fardal Opseth skåra to mål i seriepremieren mot Lillestrøm. Sjå måla her.

VIDEO

No er han delt toppskårar i Eliteserien:  – Utruleg godt å få ein god start

Kristian Fardal Opseth held fram der han slapp i fjor. Med å bøtta inn mål. Sjå video frå dei to nettkjenningane i seriestarten mot Lillestrøm!

Bodø/Glimt - Lillestrøm: 3-1

I snøføyka på Aspmyra vart Kristian Fardal Opseth tunga på vekstskåla. To mål gjer at han no er delt toppskårar i Eliteserien, saman med Marcus Pedersen i Strømsgodset.

– Me har spelt ein kamp, så får me sjå korleis det blir etter kvart. Men det er utruleg godt å få ein god start, både for meg sjølv og laget, seier Fardal Opseth.

Ekspertane har trua på Glimt

Før sesongstart brukar mange spissar å talfesta kor mange mål dei forventar av seg sjølv før ein sesong. Etter opprykket i fjor sa trenar Aasmund Bjørkan at han forventa minst tosifra av målsniken frå Kaupanger. Sjølv driv ikkje Fardal Opseth med slike gjetteleikar.

– Nei, det gjer eg aldri. Eg har eit ekstremt ønske om å skåra kvar gong eg spelar, eg føler ikkje eg treng ekstra motivasjon, seier han.

Bodø/Glimt suste gjennom OBOS-ligaen i fjor. Dei skåra mest, slapp inn minst og marginen til andreplass var på seksten poeng. Difor har mange ekspertar tru på at laget skal greia seg fint i retursesongen til Eliteserien.

I det samla tabelltipset frå ni ulike media hamnar Glimt på ein trygg 10. plass. Det er eit tips Fardal Opseth nikkar til:

Kupen satsa på Opseth som Fantasy-kaptein

– Det me gjorde i fjor, det me har gjort i trengingskampane og det me gjorde i første kampen, lovar i det minste godt. No gjeld det å levera på vårt beste i kvar kamp framover, så er eg sikker på at me kan plukka bra med poeng, seier han.

– Er dette Glimt-laget det beste laget du har spelt for?

– Det er vanskeleg å samanlinka, for me har berre spelt ein kamp i eliteserien. Men for min eigen del fungerer det svært godt. Me hadde ein god periode i Sogndal òg, men då spelte eg ikkje så mykje sjølv, seier spissen.

Etter pangstarten har det kome ein god del gratulasjonar frå Sogn. Ikkje minst har det kome fleire takk frå folk som har satsa på han i Eliteserien Fantasy, det populære fotballspelet på nett. Ein av dei er den langtidsskadde lagkameraten Endre Kupen, som hadde spisskollegaen som kaptein og dermed sanka ein haug med poeng.

– Det er utruleg kjekt, at det er folk som følgjer med. Det er artigt, seier Fardal Opseth, om støtta heimefrå.

Til toppen