FIT FOR FIGHT: Victor Grodås har òg tidlegare i karriera slite med trøblete kne. No håpar han det går lenge til neste gong han må sjå lagkameratane frå sidelinja.
FIT FOR FIGHT: Victor Grodås har òg tidlegare i karriera slite med trøblete kne. No håpar han det går lenge til neste gong han må sjå lagkameratane frå sidelinja.

No er han klar for å kjempe om ein plass på laget

Etter seks månader på sidelinja fekk Victor Grodås (24) i helga sine første minutt i eliteserien.

Sogndal: Han vart skada i kneet under treningsleiren på La Manga i slutten av januar. Sidan har alt handla om å kome raskast mogleg tilbake.

Då Victor Grodås vart bytt inn kvarteret før slutt mot Haugesund i helga, var det dei første minutta med seriefotball sidan november i fjor. Det var samstundes debuten hans i Tippeligaen.

– Då var alle timane i gymmen verdt det. At vi vann gjorde det berre enno betre, fortel Grodås når vi møter han på treningsfeltet to dagar etter.

Les også: TV-ekspertane let seg imponere av Sogndal
Les også: Den gode rekka held fram på Haugesunds bekostning

Har fått ny konkurrent om backplassen

Han kom til Sogndal frå Hødd før opprykkssesongen i fjor. Konkurrenten om plassen på venstrebacken forsvann omtrent samstundes til svensk fotball. I skadefråvêret har Grodås fått ein ny utfordrar i botnsolide Jukka Raitala.

– Når vi er eit såpass godt lag så må du rekne med konkurranse. Det gjer oss alle berre betre og meir skjerpa. Det er slik det skal vere i fotballen, seier Grodås.

I helga vart han sett inn på venstrekanten. Grodås seier han er budd på å spele der er bruk for han. Uansett er det ikkje noko han tenkjer for mykje på. 

– Det har vore nokre lange og tunge månader, så no er eg berre glad for å få vere saman med gutta att, spele fotball og kose meg, seier han.

Treng å finne att kampforma 

Det er ikkje første gong han har slite med kneskader. To meniskar og eitt leddband har sett han ut av spel tidlegare i karriera. Så tungt var det at han på eitt tidspunkt vurderte å leggje opp. 

– Eg håpar eg er ferdig med det no, seier Grodås. 

Det er ikkje berre fysisk det kan ta tid å kome tilbake etter langvarige skadeavbrekk. Ofte kan det gå ei stund før du som spelar tør å stole på at alt er som det skal. Det er eit problem Grodås aldri har merka noko til.

– No har i tillegg kneet blitt såpass bra at eg ikkje ein gong kjenner noko etter trening. Så no tenkjer eg ikkje på det i det heile tatt. Det einaste er at eg må vere nøye med styrketreninga og all «preppen» i forkant av trening og sånn. Eg føler meg eigenteleg betre no enn før skaden, seier han.

Med femten minutt eliteseriefotball under beltet er Grodås no klar for å kjempe om nye poeng. Sjølv om det enno manglar litt på maksforma, peikar alle pilane rett veg.

– Eg synst eg nærmar meg. No har eg trent for fullt i fire veker og kroppen blir berre betre og betre. Det er ikkje lenge før eg er hundre prosent tilbake, seier han.

Til toppen