SKIFTAR KLUBB: 16 år gamle Joachim Furset har fått i stand ein overgang frå ÅTIL til Årdal FK, noko som vil betyr seniorfotball resten av sesongen. Foto: Jan Ove Skjerping.
SKIFTAR KLUBB: 16 år gamle Joachim Furset har fått i stand ein overgang frå ÅTIL til Årdal FK, noko som vil betyr seniorfotball resten av sesongen. Foto: Jan Ove Skjerping.

No er han klar for Årdal FK

Joachim Furset (16) har meldt overgang til Årdal Fotballklubb.

Årdal: 16-åringen, som har spelt for gutelaget til Årdalstangen IL og samarbeidslaget i 5. divisjon denne våren, blir mest truleg med når førstelaget reiser austover søndag.

– Joachim er ein veldig talentfull kantspelar som kan spela både på høgre og venstre side. Han er ein typisk kant som er god med begge føtene, han er ein god driblar, god i ein-mot-ein-situasjonar og flink i avslutning og på innlegg, seier trenar Ivan Øy til klubben si heimeside.

I slutten av mai vart Furset ein av sju frå Sogn og Fjordane som er teken ut til Statoils talentleir i Porsgrunn. Her vil han få prøve seg på ein arena som er det aller næraste ein 15- og 16-åring kan kome ei landslagssamling.

– Joachim har spelt 5.divisjon og har såleis hatt grei matchtrening i vår, men ettersom han er teken ut til ein talentleir som er sila ut for landslagsspelarar, bør han få sjansen til å spela på eit høgare nivå. 

– Dei fleste spelarane som er uttekne, vil eg tru er spelarar som har tilgang til å spela i alle fall i 3. divisjon, og me som klubb må syta for å gje han dette tilbodet, seier Øy.

Årdal skal møte Ull/Kisa 2 som ligg på plassen under på tabellen. Ein siger her vil definitivt gi årdølene ei lita luke ned til dei fire-fem laga nedst på tabellen.

Til toppen