KLAR: Dagleg leiar i Klingenberg Hotel Erling Eggum og teamet hans har stått på i heile natt for å bli ferdig med fornyinga av Utla Café og Bar. No håpar han årdølene og andre gjester kjem flittig på besøk. Foto: Truls G. Sylvarnes.
KLAR: Dagleg leiar i Klingenberg Hotel Erling Eggum og teamet hans har stått på i heile natt for å bli ferdig med fornyinga av Utla Café og Bar. No håpar han årdølene og andre gjester kjem flittig på besøk. Foto: Truls G. Sylvarnes.

No er han klar til opning av ny café

Medan du låg og sov i natt jobba Erling Eggum og teamet hans heile natta for å få Utla Café og Bar klar til opning.

Han var ikkje sikker, men no kan Erling Eggum og resten av arbeidarane pusta letta ut for at dei får cafeen klar til planlagt opningstidspunkt.

Porten.no besøkte Utla Café og Bar, sistnevnte er heilt nytt, i morgontimane torsdag, og sjølv om enkelte verktøy framleis ikkje var pakka vekk, er dei klare til å ta imot innbyggjarane i Årdal og andre gjester når dørene opnar klokka 10.00.

– Me måtte jobba i heile natt. Det var litt usikkerheit om me skulle klara det, men det gjekk bra. Det var på nippe at me måtte utsetja opninga, avslører dagleg leiar med Klingenberg Hotel Erling Eggum til Porten.no.

Det er dei som har tatt over drifta av cafeen, og dei siste dagane har gått med til hektisk arbeid. Den innarste delen er ikkje til å kjenna igjen.

– Me har fått inn nye møblar, og så har me laga ny bar. Me prøver å få ein god standard på interiøret, og så vil me prøva å fornya menyen. Då skal me blant anna servera dagens rett, og me ønskjer å bruka mat frå nærmiljøet.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTT INTERIØR: Den innerste delen av Utla Café og Bar har fått heilt nytt interiør. Her er éi av sittegruppene.
NYTT INTERIØR: Den innerste delen av Utla Café og Bar har fått heilt nytt interiør. Her er éi av sittegruppene.

Opnar forsiktig

Eggum sit i ein av dei nye moteriktige stolane med oransje og grå som tema. I starten vil opningstidene vera som før med servering på dagtid, men forutan i kveld blir det ikkje halde ope på kveldstid dei første to vekene.

– Hovudsakleg på fredagar og laurdagar på kveldstid blir det servert meir uformell mat, som tapas, og ellers med lokale råvare. I tillegg skal me servera alkohol, men det er først og fremst på kveldane, fortel han.

– Opninga no er litt forsiktig slik at me klarar å køyra oss inn.

Investert nesten to millionar kroner

Det er altså Klingenberg Hotel som no har teke over drifta av cafeen. Til saman har dei investert rundt 1,5-2 millionar kroner på dette.

– Me har tru på konseptet. Det ligg godt til i sentrum, og me har fått med oss Indre Sogn Sparebanken, som også har tru på planane me har lagt fram.

– Grunnen til at me har tru på dette er at me tenkjer at her i bygda har me trengt ei fornying.

Fryktar ikkje framtidig konkurranse

Og meir fornying er det i vente for innbyggjarane i Årdal. For eit par veker sidan lanserte Jan Rasmussen, Tom Hellebø og Arnt Erik Henjum sine planar for eit mikrobryggeri, bakeri og konditori på torget i Øvre Årdal. 

– Kva synes du om det?

– Det er egentlig berre eit pluss, men det seier eg på bakgrunn av at eg ikkje veit nøyaktig korleis dei skal driva. Det får bli som det blir, men mikrobryggeri er jo veldig i tida, og det er spennande. 

– I tillegg skal dei starta med bakeri, og det er jo fint. Både ølet og brødet deira er me interessert i å kjøpa. Konditoriet får me konkurranse på, men det lyte me berre takla, smiler han.

Det er enno lenge til den tid, og i mellomtida håpar Eggum at årdølene nyttar seg av cafétilbodet til det fulle.

– Me vil ønska dei velkomne og håpar at dei brukar oss. Og så håpar me at me kan yta god service og gje dei eit godt produkt. Viss dei er nøgde, er me nøgde.

Til toppen