KLAR: Johannes Einemo skal berre gjera siste finpuss før han fredag kveld opnar dørene for første gong til fest- og serveringslokala i "Lærdalsøren hotell". Foto: Anders Jerving
KLAR: Johannes Einemo skal berre gjera siste finpuss før han fredag kveld opnar dørene for første gong til fest- og serveringslokala i "Lærdalsøren hotell". Foto: Anders Jerving

No er han klar til storinnrykk

Fredag kveld opnar Johannes Einemo og Elin Forthun Partenyi puben på Lærdalsøren hotell. På tre veker har dei sett sitt personlege preg på det dei håpar skal bli Lærdals nye samlingsstad.

Lærdal: - Me har store forventningar og gler oss voldsamt. Folk frå mange ulike plassar har meldt si interesse; Hemsedal, Kaupanger, Sogndal, Aurland og Årdal, mellom anna. Det blir ei god blanding av folk, og det er kjempekjekt, seier Johannes.

20. februar tok dei over det som i rundt sju år har vore "Kvammes".

Les også: Kjøper Kvammes – og bles liv i hotelldrifta

Les også: – Kjem til å vera tusken den dagen me reiser herifrå

Det opphavlege namnet frå 1800-talet, "Lærdalsøren hotell", er tilbake. Fredag kveld blir det opningsfest med "Good Time Charlie".

-  Dei spelar 50-60-70-talsblues, så me satsar på at det blir bra. 

- Det blir fullt hus?

- Det hadde vore stas, seier Johannes.

- Eg er vel nesten redd for det, ler Elin.

Les også: Frå opningsfest på pub til barnehagekonsert

Har bytt ut hest og kjerre med Lamborghini

Serveringslokala har i løpet av desse tre vekene vorte måla, nye bardiskar har kome opp og lokala har fått eit særpreg som ein må seia er prega av Johannes sine interesser.

HISTORISK: Dette bilete syner "Lærdalsøren Hotell" i sine yngre dagar, på slutten av 1800-talet.
HISTORISK: Dette bilete syner "Lærdalsøren Hotell" i sine yngre dagar, på slutten av 1800-talet.

På den eine sida har dei fått opp mange historiske bilete på veggene av mellom anna "Lærdalsøren Hotell" slik det framstod i sine tidlege år, sist på 1800-talet.

På den andre sida er det kome opp ei rekkje plakatar, bilete og miniatyrmodellar av spesielle bilar; framfor alt av Lamborghini.

- I dette rommet kom folk som var på vitjing i Lærdal inn for å booka sightseeingturar med hest og kjerre i si tid, seier Johannes og peikar på eit skilt på veggen som opphavleg hang på ei hestekjerre.

- Så kan ein vel seia eg har bytt ut hest og kjerre med Lamborghini, held han fram.

FOR BYGDEFOLKET: Det er det innste rommet som blir den nye bygdepuben i Lærdal - her skal dei halda open kvar laurdag.
FOR BYGDEFOLKET: Det er det innste rommet som blir den nye bygdepuben i Lærdal - her skal dei halda open kvar laurdag.

Og det er dette innste rommet med ein eigen bardisk som skal bli den nye samlingsstaden i Lærdal i helgene.

- Her er det plass til 30-35 personar, og det skulle vera midt i blinken ei vanleg helg i Lærdal. Så denne skal me halda open kvar laurdag. Så har me høve til å opna opp større deler av lokalet om det skulle bli mykje folk.

Frå gravferder til kunstnarsamlingar

 Det er dei nær føreståande planane. Etter kvart som sommarsesongen nærmar seg skal dei også opna pensjonat med utleige av rom oppe i 2. etasje.

- Fire av romma er pussa opp, så no står berre eitt att.  Alle romma får sine særpreg, forklarar Johannes.

Artikkelen held fram under biletet

SÆRPREG: Fire av fem rom er oppussa i pensjonatdelen oppe; dette rommet har ein diger balkong ut mot Gamle Lærdalsøyri.
SÆRPREG: Fire av fem rom er oppussa i pensjonatdelen oppe; dette rommet har ein diger balkong ut mot Gamle Lærdalsøyri.

Sambuar Elin er kjøkensjef og fortel matserveringa er oppe og går.

- Me har matservering allereie i dag, og folk ringjer stadig for å bestilla. Det er litt mannskapsmessige utfordringar, men me får det til. 

- I det heile har responsen vore god; me har bestillingar på arrangement alt frå gravferder til kunstnarsamlingar og politiske møter, legg Johannes til.

- Høyrest ut som det blir så som så med familielivet?

- Jau, det går ein del i Netflix akkurat no, seier Johannes og nikkar mot dottera Leah som likevel har fått ein lang frukost og forlenga føremiddag med foreldra før ho skal i barnehagen.

- Eg har lakkeringsverkstaden i tillegg, så arbeidsdagane har stort sett vore frå ti om morgonen til eitt om natta. 

Les også: Har gjort butikk av gutedraumen

Til toppen