FREISTANDE: Desse jordbæra er plukka i åkeren til Olaug Skjerdal og Rikard Lysne tysdag. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FREISTANDE: Desse jordbæra er plukka i åkeren til Olaug Skjerdal og Rikard Lysne tysdag. Foto: Ole Ramshus Sælthun

No er jordbærsesongen så smått i gang

Og åkrane ser svært bra ut, kan lokale jordbørdyrkarar melda om.

Lærdal: – Me byrja så vidt å plukka i dag, så lokalmarknaden har fått leveransar. Det vil seia Ljøsnabui, Lærdal torg og den nye butikken Smak av Sogn. Mot slutten av veka skal me få plukka i slike kvanta at e får levert til Bergen, seier Olaug Skjerdal.

I tillegg til bæra Skjerdal og mannen Rikard Lysne dyrkar, er det jordbærleveransar frå ein gard til i bygda som går til Lærdal Grønt.

Les også: – Dyrking av jordbær har kjempepotensiale

– Me er berre heilt i starten på sesongen og håpar på godt vêr framover, så me slepp unna rotning. Men åkrane ser bra ut, og har me vêret med oss kan det bli god avling.

Ventar lang sesong

Dei har seks-sju mål med jordbær og det ligg an til å bli ein lang sesong

– Det er heilt i det blå kor mykje bær det blir av seks-sju mål, mykje kjem an på vêret. Men fordi det var kaldt så lenge har det bløma sidan 20. mai og det blømer framleis. Så då blir sesongen lang, noko som ikkje berre er bra ettersom det fort kjem inn i andre sesongar.

God start på landsbasis

På landsbasis melder Gerd Byermoen, kommunikasjonssjef i Opplysningskontoret for frukt og grønt, om ein god start på sesongen

– Det har vore ein perfekt jordbærvår så langt, seier ho til NTP

Byermoen meiner at det denne veka kan bli perfekte bær. Sjølv om Sør- og Austlandet har hatt fine bær i eit par veker, er det no bæra er klare til å bli hausta i Hedmark, Oppland og altså Sogn og Fjordane. Dermed aukar mengda jordbær så mykje at heile landet vil få god tilgang til norske bær.

 

Til toppen