PÅ FACEBOOK: Årdal lensmannskontor har laga si eige Facebook-side for å nå ut til publikum med nyttig informasjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ FACEBOOK: Årdal lensmannskontor har laga si eige Facebook-side for å nå ut til publikum med nyttig informasjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er lensmannskontoret på Facebook

– Det er mogleg det blir nokre gullkorn.

Årdal: Tidlegare i år vart politiloggen flytta over på Twitter. No har Årdal lensmannskontor kome seg inn på Facebook med eiga side.

– Eg har nokre kjekke ungdommar, Petter Hagen og Frida Nessestrand Vefring, på kontoret som synest me skal ut og profilere oss. Det er utruleg flinke og jobbar førebyggande. Det er hovudtema, seier lensmann Magne Knudsen.

– Det er blir hovudtema på sida. Me ønskjer å formidle ut informasjon på ein grei måte og gjere det enkelt for folk å få tak oss gjennom Facebook. Der kan dei kome med innspel til tiltak, så kontakt, oppmodar Knudsen.

Besøk Facebook-sida til lensmannkontoret her.

NYTTIG: Magne Knudsen er fersk på Facebook sjølv, men ser verdien av å nå publikum med informasjon gjennom sosiale medium.
NYTTIG: Magne Knudsen er fersk på Facebook sjølv, men ser verdien av å nå publikum med informasjon gjennom sosiale medium.

Nyttig informasjon

Facebook-sida, som vart oppretta for berre nokre dagar tilbake, er snart oppe i 200 "likes", og her er dei allereie i gong med å dele nyhende frå lokalmedia, som er av interesse. 

I tillegg kjem det til å kome oppdateringar frå kontrollar og hendingar i området, litt som politiet gjer på Twitter. Knudsen seier folk ikkje må vere uroa for at dei vil nytte sosiale medium for å følgje med på kva folk held på med av eventuelle ulovlegheiter.

– Nei, eg har berre vore på Facebook i eit år sjølv, så eg er fersk på dette, men eg ser verdien av det. Dette er meint som eit medium for å gi ut informasjon til publikum. 

Gullkorn

Då operasjonssentralen i Oslo i si tid kom seg på Twitter, var det til stor glede for mange. Humoristiske oppdateringar har skapt mykje latter og blest i media. Knudsen er ikkje ukjend for å vera ein morsom kar, så:

– Det er mogleg det blir nokre gullkorn, smiler han lurt. 

Til toppen