KOMPLETT: Dei siste tre artistane til årets Målrock er på plass, og programmet er dermed komplett.
KOMPLETT: Dei siste tre artistane til årets Målrock er på plass, og programmet er dermed komplett.

No er Målrock-programmet komplett

Sjekk kven som er dei tre siste artistane til årets festival.

Årdal: Ganske nøyaktig tre månader før Årdal vert fylt opp med musikkglade menneske, er dei siste puslebitane til årets Målrock på plass.

No er nemleg dei tre siste artistane klare. Erlend Ropstad, Blodsmak og Eva Weel Skram pyntar enda meir på eit allereie solid program.

– Det er stas å kunne presentere årets Målrock-program, med så mange utruleg flinke artistar og band, seier festivalsjef i Målrock, Katrine Clausen Fredheim.

– Me er frå oss av begeistring og gler oss endelaust til publikum vil strøyme til arrangementa våre ved året Målrockfestival.

Populær sogndøl

Eva Weel Skram er vinden som aldri før. Nyleg deltok ho på det poplære programmet «Hver gang vi møtes», der sogndølen fekk vist fram talentet sitt. Etter det har Skram spelt land og strand for eit begeistra publikum. 

Til Målrock tek ho sjølvsagt med seg ektemannen Thomas Stenersen, og det er mogleg det blir ein årdøl bak trommesettet. Eva Weel Skram skal spele torsdag saman med STUV og Dizzy Mizz Lizzy.

Tung rock og melankoli

Det blir også eit spennande møte med Blodsmak, som er eit Oslo-basert rockeband. Blodsmak spelar tung rock og er aktuell med plata «Marg og Bein», som vart slept 11. mars i år.

Frå tung rock til melankolsk klang. I Skåri skal Erlend Ropstad stå for det siste. Den erfarne musikaren har allereie gitt ut fem plater og ein EP. Det var først på det tredje albumet at han byrja å syngja på norsk, og etter det har han vore spelemannsnominert ved fleire høve. 

Den siste utgjevinga «Det beste vi får til» har hausta mange lovord, og det kjem garantert til å komme mange godbitar frå den erfarne artisten på Målrock-arrangementet Under Skåri.

Til toppen