– No er me litt over den striden som var

Årdalsdamene køyrer fullt trøkk på treningane for å vera klare til serieopninga denne helga. Sjå biletegalleri frå treninga!

– Me er klare til å koma i gang. Ein kjenner alltid litt ekstra på spenningen rett før sesongen byrjar, seier Kristina Furebotn under ein av treningsøktene denne veka.

Førsesongen har vore ein brokete affære for Jotun/Årdalstangen. I sommar visste dei ikkje kven som skulle vera trenar, det mangla folk i støtteapparatet elles - og ikkje vart det halde treningar for damene heller.

Les også: Fryktar å stå utan speletilbod

I august gjekk leiinga ut og etterlyste spelarar - det var overhengande fare for at dei måtte trekka laget grunna lite spelargrunnlag.

Les også: På spelarjakt to veker før sesongstart

Les også: Det blir handball i Årdal denne sesongen

– Poenga får heller koma etter kvart

Men no, nokre dagar før første kamp mot Førde 2, har floka løyst seg.

– Eit par nye vart med, så kom fleire og fleire til etter kvart. Slik er det jo ofte med lagidrett, seier Furebotn.

– Korleis har det vore å vera handbalsspelar i Årdal siste tida?

– Det har ikkje vore så lett. Men no er me litt over den striden som var.

No køyrer dei tre treningar i veka, og då Porten vitja ei av dei siste treningane før sesongstart var det god trøkk og ein aktiv Olafur Sveinsson som drilla inn laget. 

– Me har ikkje sett oss nokre konkrete mål enno - personleg set eg som mål å vinna handballkampar, men me er eit heilt nytt lag og det viktigaste no blir at laget får sett seg og at me beheld spelarane. Så får heller poenga koma etter kvart. Me må i alle fall prøva å vinna meir enn ein kamp, seier Furebotn med referanse til fjorårssesongen.

Artikkelen held fram under biletet

SPENNANDE: Kristina Furebotn og Vanja Thomassen Øren er spente før kampen mot Førde 2 søndag.
SPENNANDE: Kristina Furebotn og Vanja Thomassen Øren er spente før kampen mot Førde 2 søndag.

– Spennande å sjå korleis me fungerer i hop

Eit slags paradoks er at utfordringane med å stilla kag kunne ha vore enno større om Jotun/Årdalstangen framleis var i 3.divisjon

– Det er nok litt lettare å få folk til å koma når me spelar i fjerdedivisjon, seier Furebotn.

– Så på eit vis ville de kanskje ha slite enno meir med å stilla lag om de framleis var i tredje?

– Akkurat no er det heilt ok at me er i fjerde, ja

Søndag klokka 15 er det altså sesongstart mot Førde 2 heime i Årdalshallen. Jentene tykkjer det er svært vanskeleg å seia noko om korleis det vil gå.

– Det er lenge sidan me har spelt i fjerde, så me veit ikkje heilt nivået. No møter me Førde 2 i første kamp, altså eit andre lag, og då kjem det mykje an på kva lag dei stiller med, seier Vanja Thomassen Øren.

– På treningane ser me berre ein og ein spelar, det blir spennande å sjå korleis me fungerer i hop som lag no når kampane byrjar, avsluttar Furebotn.

 

Til toppen