STIFTA: Nasjonalt Villakssenter er offisielt stifta. Frå venstre: Jostein Skurdal, styreleiar, Audun Mo, ordførar Lærdal kommune, Alf Olsen jr. dagleg leiar og Ola Elvestuen, Klima- og miljøminister.
STIFTA: Nasjonalt Villakssenter er offisielt stifta. Frå venstre: Jostein Skurdal, styreleiar, Audun Mo, ordførar Lærdal kommune, Alf Olsen jr. dagleg leiar og Ola Elvestuen, Klima- og miljøminister. (Pressefoto)

No er nasjonalt villakssenter stifta

Tysdag møttest styret i Nasjonalt villakssenter og hadde offisiell markering av den nye stiftinga.

Indre Sogn: Opprettinga av Stiftelsen Nasjonalt villakssenter (NVL) vart offisielt markert tysdag 12. november. Det går fram av ei pressemelding. 

Til stades var Klima og miljøministar Ola Elvestuen, ordførarane for dei fire vertskommunane Tana, Namsos, Lærdal og Lyngdal, samt det nye styret og dagleg leiar, Alf jr. Olsen. 

Styret hadde møte etter stiftinga og har lagt føringar som skal ligge til grunn for det vidare arbeidet.

Dei går ut på blant anna at det skal leggast til rette for samlokalisering med liknande fagmiljø. Einingane skal formidla ei felles grunnpakke, og ha knytepunkt i regionen.

Styret vedtok å setja av ein million kroner til prosjektering av bygg som skal husa Nasjonalt villakssenter i Tana, og fordela midlar til drift mellom Lyngdal, Lærdal og Namsos.

Til toppen