FØRSTE FRÅ SOGNDALSIDA: Trailersjåføren frå Tipp Frakt AS var den første frå Sogndalsida til å køyre over nye Loftesnesbrui.
FØRSTE FRÅ SOGNDALSIDA: Trailersjåføren frå Tipp Frakt AS var den første frå Sogndalsida til å køyre over nye Loftesnesbrui. (Øyvind Nondal)

No er nye Loftesnesbrui opna

Klokka 15 passerte den første bilen og gamlebrua frå 1958 vart historie. 

Sogndal: Det vart stort oppmøte i ettermiddag då nye Loftesnesbrui vart opna for trafikk. Opninga skjedde like etter klokka 15 med ein bil frå kvar side. 

Dei heldige vart stogga midt på brua og fekk overrakt ein blomsterbukett før dei køyrde vidare. 

Mykje arbeid står att

Neste fase av prosjektet er å riva gamlebrua. Dette arbeidet vil halda fram utover vinteren og våren. Den formelle opninga av brua skjer ikkje før sumaren 2018. Då vil det vera etablert eit parkanlegg på austsida av brua.

Les også: Sjå den flotte skulpturen som skal pynte opp parkområdet ved Loftesnesbrui

(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
Til toppen