TIL SALS: I førre veke la Indre Sogn Sparebank ut bankbygget i Lærdal for sals. No gjer dei det same med bygget i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TIL SALS: I førre veke la Indre Sogn Sparebank ut bankbygget i Lærdal for sals. No gjer dei det same med bygget i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er også denne eigedomen lagt ut for sal

Indre Sogn Sparebank gjer som dei gjorde i Lærdal og legg eigedomen sin ut for sal i Øvre Årdal. 

Øvre Årdal: I førre veke skreiv Porten.no at Indre Sogn Sparebank hadde lagt bankbygget i Lærdal ut for sal. Då sa banksjef Egon Moen at dei også vurderte bygningen i Øvre Årdal.

No er næringseigedommen i Årdal også lagt ut for sal. Eigedommen på litt over 650 kvadratmeter ligg ute til 6,2 millionar kroner. 

Det er ikkje planar om å leggje ned avdelingane på nokon av plassane. I staden følgjer det med ein leigeavtale med banken på 5+5 år.

– Grunnen til at fleire bankar no sel bygningane er nok fordi dei fleste vil konsentrera seg om kjerneverksemda si. Andre aktørar enn oss kan utvikla bygninga betre, sa banksjefen til Porten.no i førre veke.

Til toppen