I FULL SVING: I Borlaugkrysset er brøytemannskapet i full sving. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
I FULL SVING: I Borlaugkrysset er brøytemannskapet i full sving. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

No er også Tyin-Årdal opna

Trafikken går som normalt over Filefjell og Hemsedalsfjellet, og no er fylkesveg 53 open også.

Årdal/Lærdal: Dårleg vêr i fjellet gjer sitt til å skape problem i trafikken. Måndag morgon var det berre E16 over Filefjell som var open for normal ferdsel. 

Her er det snø- og isdekke, -2 grader, liten kuling og snøbyger.

No er det også opna for normal trafikk på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Her har det vore kolonnekøyring sidan søndag kveld, men det er det slutt på no.

Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal vart søndag ettermiddag heilt stengd. Heile føremiddagen har gått med til å rydde opp i vegbana, men no er vegen open att.

Hugs at du alltid kan sjekke vêret der du er på Porten.no her.

Til toppen