BORTE VEKK: 31 år etter at paviljongen vart teken i bruk er han no jamna med jorda. Store ròteskadar på grunn av vatn har krevd sitt av konstruksjonen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BORTE VEKK: 31 år etter at paviljongen vart teken i bruk er han no jamna med jorda. Store ròteskadar på grunn av vatn har krevd sitt av konstruksjonen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No er paviljongen jamna med jorda

Store ròteskadar gjorde at paviljongen i Øvre Årdal til slutt måtte rivast.

Øvre Årdal: Paviljongen var i svært dårleg forfatning. Taket og pappen har reist med vinden, noko som har gjort at vatn har leke inn i materialet. Det har ført til ròte, spesielt rundt boltegjennomføringane i limtredragarane. 

– Papp og lekkasje kan ein gjere noko med, men sjølve berekonstruksjonen var i ferd med å bli farleg. Dersom ein skulle bygd opp taket, måtte ein rive alt for så å erstatta det. Svakheita med limtrekonstruksjon som står i det fri, er at det har ei levetid, forklarar leiar på teknisk etat i Årdal kommune, Hans Jørgen Røneid.

Det var tilbake i 2014 i forkant av 17. mai at paviljongen vart bestemt stengt. Då kom ein fram til at det rett og slett var for farleg å opphalde seg i og rundt konstruksjonen. 

Lite brukt

Den gongen blei det halde eit informasjonsmøte med dei som nytta seg mest av paviljongen. Det var idrettskonsulent Arne Hovland som tok den jobben.

– Dei aksepterte at situasjonen var som den var, og dei innsåg også kanskje at dei hadde vore litt for dårlege til å nytte seg av han sjølv. I utgangspunktet har det vore to arrangement her i året, og det er skuleavslutninga til Farnes skule og 17. mai. Kompensasjonen er at dei har fått nytte kulturhuset fritt, og tilbakemeldingane er at det har fungert bra, seier Hovland.

Artikkelen held fram under biletet.

AVSTENGT: I forkant av 17. mai i 2014 vart paviljongen stengt av fordi det var for farleg å opphalde seg her. Arkiv
AVSTENGT: I forkant av 17. mai i 2014 vart paviljongen stengt av fordi det var for farleg å opphalde seg her. Arkiv

På 17. mai har også Årdalshallen blitt i større grad nytta til 17. mai-arrangement. 

Kritisk til vedlikehaldet

Paviljongen vart tatt i bruk i juni 1985 og vart bygd i eit samarbeid mellom Janitsjaren, Øvre Årdal songlag og Farnes mannskor mellom 1982 og 1984. Materialet som vart brukt tilsa ei levetid på 25 år. 

Bjarne Øren, ein veteran i kor- og korpsmiljøet, er lei seg for at paviljongen ikkje er meir. Han er også kritisk til at det ikkje er gjort meir for å bevare og vedlikehalde scena.

– Det er ein stor skam mot det frivillige musikklivet som har bygd denne med eigne hender, og så let Årdal kommune han stå til han fell saman. Det er ein forsømmelse. 

– Her er det nokon som ikkje har gjort jobben sin. Me fekk også kritikk for at me ikkje brukte han, men då var det vêret som stoppa oss, seier han og viser til Farnes skule som ein aktør som har nytta scena mykje.

Forstår kritikken

Både Hovland og Røneid forstår kritikken. 

– Med dei svakheitene i den berande konstruksjonen har det gjort at det ikkje har vore noko prioritert. Eg kan forstå at det blir stilt spørsmål, men det verste forfallet har skjedd etter vurderinga av at berekonstruksjonen hadde skadar blei gjort. Sjølv om ein la på tak, ville det ha vore i dårleg forfatning, seier Røneid.

Artikkelen held fram under biletet.

RÒTSKADAR: Vêr og vind har krevd sitt av paviljongen som hadde tydelege skadar. Arkiv
RÒTSKADAR: Vêr og vind har krevd sitt av paviljongen som hadde tydelege skadar. Arkiv

Klatrepark

Det positive er at området ikkje blir ståande tomt. Som Porten.no skreiv heilt tilbake i desember 2014, var planen å setja opp ein klatrepark på området som er på 550 kvadratmeter. 

Hovland fortel at dette vil koste rundt 650 000 kroner. Til no har han klart å skaffe 550 000 av desse – 300 000 frå fylkeskommunen gjennom tippemidlar og 250 000 frå Sparebankforeininga.

– I første rekke er dette ein klatrepark for born mellom 6 og 13 år. Ut frå mine planar er det første del av noko litt meir omfattande, og me håpar me kan få med oss politikarar og folk til å laga noko meir, fortel Hovland, som meiner plasseringa er ideell mellom skulane, idrettsbana og friluftsbassenget. 

– Eg trur ikkje Årdal har tapt så veldig mykje, men me håpar erstatninga over tid kan gjera at folk likevel blir nøgde. 

Til toppen