VELKJEND: Den velkjende artisten Petter Katastrofe er ein av artistane under årets Lustrabalder. Foto: Jens Edgar Haugen/ JH sTUDIOS
VELKJEND: Den velkjende artisten Petter Katastrofe er ein av artistane under årets Lustrabalder. Foto: Jens Edgar Haugen/ JH sTUDIOS

No er programmet til Lustrabalder komplett

Siste helgi før skuleferien kjem store liveartistar til Parken i Gaupne.  

Luster: Med artistar som Kjartan Lauritzen og Rotlaus, går Lustrabalder 2017 av stabelen 9-10. juni. På programmet er det artistar for eit ungt og eit litt meir eldre publikum. 

Styremedlem i Parken Styret, Linn Christina Leirdal, fortel at dei har sikta seg inn på artistar som er på veg oppover:

– Til årets festival kjem Robin og Bugge og Katastrofe som var her òg i 2014. Me hadde ei så god oppleving med dei sist gong, at me ville ha dei til årets festival også. Robin og Bugge meinte at dette var ein av dei bedre spelejobbane dei hadde vore på i 2014. 

Satsar lokalt

– Styret har òg fokus på å satse litt lokalt, som er ein av grunnane til at rapparen Kjartan Lauritzen frå Balestrand skal spele på festivalen. Kjartan lagar utruleg med liv på scena, og blir berre større og større.

Leirdal legg til at alle dei tre artistane skal spele på fredagen under årets festival:

– På fredagen har vi satsa på eit yngre publikum, med sjangrar som rap og populærmusikk. 

Folkerock og eldre publikum

Etter fjorårets festival opretta arrangøren ei meiningsmåling på Facebook-sida til Lustrabalder, der dei spørte kva artistar publikum ynskja å høyre:

– To artistar som skilde seg ut i meiningsmålinga var folkerock-banda Rotlaus og Byting. Dette er band som er på god veg oppover, og har eit godt rykte på seg som liveband. 

– Både Byting og Rotlaus skal spele laurdag, då vi har satsa på å skape dansestemning. Eg har også høyrt frå ungdommar at dette er to populære band blant dei yngre, fortel Leirdal.

Nytt bilettsystem

– Etter tidlegare tilbakemeldingar har festivalen no fått nytt bilettsystem som går over nettsalg. Dette er òg ein av grunnane til at alle artistane er sluppen så tidleg, fortel arrangøren.

Leirdal legg til at dette skal gjere det lettare for folk å planlegge festivalhelga. 

Festivalen går føre seg same helg som marknaden i Gaupne, og arrangøren håpar dette vil lokke fleire folk til festivalen.

Til toppen