OPPLYST: Andreas Bakken og Årdal Kjemiske fagforening har invistert 40.000 kroner i å lyssette Rallaren. Foto: Jonas Henjum.
OPPLYST: Andreas Bakken og Årdal Kjemiske fagforening har invistert 40.000 kroner i å lyssette Rallaren. Foto: Jonas Henjum.

No er Rallaren opplyst i haustmørket

Rallaren har lenge stått uopplyst. Det var Andreas Bakken og Årdal kjemiske som tok initiativ til å få med seg foreiningane i Årdal og Hydro på å få kjøpt lys til Rallaren, etter som han tykkjer at kommunen har ordna så flott til rundt monumentet. 

Øvre Årdal: Daverande direktør for Hydro Årdal, Egil Fredriksen var veldig positiv til prosjektet.

Alle var einige med Bakken om at monumentet burde lysast opp og det var samla inn 40 000kr til belysning. Det var Årdal energi som fekk oppdraget.

- Eg synest dei har gjort ein fabelaktig jobb.Det er viktig å lyse opp sånne monument. Rallaren er eit viktigt «fyrtårn» her i bygda, som det ikkje er mange av. Derfor er det viktigt å vise dei fram, til og med i mørketida.

Manifest for historia

Bakken seier rallaren er ein «manifestasjon på historia» som har vore her. Han seier også at det fortenar at me dreg fram den betydinga den har hatt for bygda.

LYS: Slik ser lyssettinga ut.
LYS: Slik ser lyssettinga ut.

Bølgedal

- Me har vore i ein bølgedal, men er på veg oppatt, og då meiner eg det er viktig at me benyttar høvet til å dra fram att historia, seier han.
Han dreg og fram at monumentet representerer ein tøffare verkelegheit enn det me lever i no.

 Pokemon Go

I desse Pokemon Go-tider er ofte samla mange barn og unge ved monumentet etter som dette er ein såkalla pokestop. Det synest Bakken er berre positivt.

- Det er bra at dei held det ryddig og at det ikkje er gjort hærverk på og rundt monumentet.

Dette trur han skyldast at ungdommen har respekt for rallaren og det den betyr for Årdal. 

Til toppen