NY LEIAR: Håkon Lysne vart valt som ny leiar i Lærdal sogelag, som hadde sitt oppstartsmøte i førre veke. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
NY LEIAR: Håkon Lysne vart valt som ny leiar i Lærdal sogelag, som hadde sitt oppstartsmøte i førre veke. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

No er sogelaget i gang att – skal gi ut hefte til jul

Etter ei tid utan aktivitet har Lærdal sogelag igjen fått føter å gå på. No har dei hatt oppstartsmøte og starta planlegginga av dei vidare arbeidet.

Lærdal: Håkon Lysne, som har leia interimstyret, er valt som leiar i det nye styret, der det vart nokre utskiftingar frå interimstyret.

I underkant av 20 personar fann vegen til oppstartsmøtet i førre veke, der altså eitt nytt styre og ein del formelle ting kom på plass. Det vart også delt opp i arbeidsgrupper, der deltakarane får jobbe med sitt interessefelt. 

– No er planen vår å gi ut eit hefte til jul. Først skal me få på plass alt det formelle med konstituering og innmelding i Brønnøysundsregisteret, og til hausten startar arbeidet med heftet etter nokre møte der me diskuterer tema. Då er me i gang, seier Lysne.

Stor interesse

I mars trakk informasjonsmøtet til sogelaget heile 50 personar. Interessa for lokalhistorie er stor blant mange.

– Ei anna viktig årsak til at me gjer dette er fordi ein ser at dei lokalhistoriske kontora er i ferd med å forsvinne og bli nedprioriterte. Det eksisterer jo ikkje i Lærdal lenger, og det gjer det endå viktigare at nokon tek tak i dette arbeidet, seier han.

I Lærdal har sogelaget hatt sine opp- og nedturar, men no er dei offisielt i gang for fullt, og når det nærmar seg jul, vil ein kunne få tak i heftet som dei snart startar arbeidet med. 

Til toppen