No er Sogndal berre to poeng frå direkte nedrykk

Sogndal tapte, Tromsø vann, medan Aalesund enno ikkje har spelt. Det luktar det trøbbel av.

Strømsgodset-Sogndal: 4-1 (1-1)

Sogndal tok leiinga borte mot Strømsgodset, men tapte til slutt 1-4. Det betyr at laget no er nede på kvalikplass, ettersom Tromsø vann 3-0 heime mot Viking same kveld.

To poeng bak lurer Aalesund, med ein kamp til gode. Ganske utruleg, med tanke på at dei ikkje har vunne på tretten kampar.

Etter tapet brygger det opp til nedrykksdrama når Sogndal tek imot Tromsø neste helg.

Strømsgodset-Sogndal: 1-4

Kampfakta:

Stadion: Marinlyst stadion
Dommar: Ola Hobber Nilsen (Nordstrand IF)

Målscorarar, Sogndal: Bendik Bye (14)
Gule kort, Sogndal: 

Målscorarar, Strømsgodset: Bendik Bye (14)
Gule kort, Strømsgodset: Francisco Junior (44), Bassel Jradi (61), Marcus Pedersen (64), Bassel Jradi (86)

Lagoppstilling, Sogndal:

11. Mathias Dyngeland
2. Taijo Teniste
3. Bjørn Inge Utvik
40. Even Hovland (k)
41. Kjetil Wæhler
7. Eirik Schulze
14. Ole Martin Rindarøy
39. Mohamed Fofana
77. Stanisa Mandic
11. Martin Ramsland
18. Bendik Bye

– Det blir ein tøff batalje. Dei treng ikkje meir enn uavgjort, medan me må vinna, så enkelt er det. Me må berre nullstilla oss og bu oss på den kampen, sa kaptein Even Hovland i intervju med Eurosport etter kampen.

Uavgjort til pause

Ein tabbe frå kaptein Even Hovland var nær å gje Sogndal ein marerittstart. Tokmac Nguen snappa den upresise tversoverpasninga, men Dyngeland var heldigvis raskt ute og fekk kroppen på lobbforsøket.

Kvarteret seinare var det heimelaget sin tur til å tabba seg ut, denne gangen ved keeper Espen Bugge Pettersen. Under press serverte han ballen til sogndalkant Stanica Mandic, som takka og serverte vidare til Bendik Bye utanfor sekstenmeteren. Han gjorde eit par vrikk med hofta, venta og venta, før han prikka ballen inn i hjørnet då den frie sikta openberra seg. Vakkert!

Strømsgodset heldt fram å eiga ballen og produsera flest sjansar. Likevel såg det ut til at Sogndal skulle greia å ri av stormen, då Even Hovland sleiva ei klarering rett i farleg sone minuttet før pause. Tre sogndalsspelarar kasta seg fram for å blokkera, men ikkje tidsnok til å hindra Junior i å setta ballen i krysset.

Mot neglebitarkamp i neste runde

I andre var det Sogndal som kom best i gang. Etter seks minutt klemte Ole Martin Rindarøy til på volley, men skotet frå seks-sju meter gjekk utanfor. Det var òg så lenge den gode sogndalperioden varte.

Herifrå og ut var det Godset som køyrte kampen fullstendig.

Timen var passert då heimelaget fekk uttelling. Bassel Jradi spelte vakkert vegg med målskårar Junior og sette ballen trygt i nota til 2-1. Jubelen hadde knapt stilna då Marcus Pedersen stussa eit hjørnespark i mål til 3-1.

Like før slutt vart Bassel Jradi tomålsskårar, då han dansa ballen i mål på vakkert vis. Sigeren betyr at Strømsgodset har sett ny klubbrekord med seks strake trepoengarar i eliteserien.

For Sogndal gjer tapet at dei verkeleg har kniven på strupen når dei tek imot Tromsø på Fosshaugane i neste runde. Der bør det helst bli siger, viss ikkje skal det mykje til for at laget unngår kvalikplassen.

Til toppen