Kjetil Russenes. Foto: Privat.
Kjetil Russenes. Foto: Privat.

No er Sognefjord Kaffibrenneri ei greie

Selskapet er oppretta. Generalforsamling, styrevedtak, vedtekter, innbetaling av aksjekapital, val av styreleiar. Godt med alt som er gjort.

  • Endret

Kjetil Russenes fekk det plutseleg føre seg at han skulle starte kaffibrenneri i Sogndal. Ideen balla raskt på seg, og i fleire innlegg i gründerbloggen har me fulgt den unge entreprenøren. Les meir om bloggen her.

Folk som solar seg, nyt ei øl i sola, spelar volleyball og går i fjellet. Åh, kor herleg!

Dette er noko eg strengt tatt berre har sett på Instagram og sosiale medier i år. Det har vore ei stund sidan eg oppdaterte dykk sist, hovudsakleg fordi det har vore ein (veldig) travel vår. Dette er i grunnen veldig flott, travel er eit godt teikn.

Fekk meg ein snartur "heim" til Kvammen. Det rolege livet på verandaen står i skarp kontrast til kvardagen.
Fekk meg ein snartur "heim" til Kvammen. Det rolege livet på verandaen står i skarp kontrast til kvardagen.

Lat oss byrja i mai:

Etter ei idémyldring og ein heil del fjasing, filma vi ein videosnutt som fanga folk si merksemd. Førehandssalet vart sett i gang. Det har komme inn bestillingar frå heimbygda Kvammen, Sogndal, Oslo, Trondheim, Årdal, Kaupanger, Notodden, Leikanger, Førde, samt andre stadar. 

Det har verkeleg vore ei stor hjelp! Megastas! Ikkje berre fordi budsjetta for oppstarten ser litt betre ut, men også fordi fleire av dei som bestilte kaffi, hovudsakleg gjorde det fordi dei var interesserte i produktet.

«Eg tek10 pakka, men stille òg på eventuell dugnad til å få sjappa opp å gå:)»

«Eg ser helst at du levera kaffien personleg på døra... :-)»

«Om eg har vegane forbi, eller du kjem denne vegen så, treng du sjølvsagt ikkje sende den. Skal òg sjå om me kan få til ei bedriftavtale her på bruket.»

«Colombia, Costa Rica, Panama, Guatemala er nokon av mine favorittland!»

«Jeg gleder meg!»

«Krut til folket!»

Eit par av (dei få) kommentarane som gjekk gjennom sensuren på bestillingsskjema. Fortsatt mogleg å delta!

Vidare, litt utanfor emnet – eg ser no at de helst refererer til meg som "Lektor Russenes", då eg har avlevert  23 000 kløktig formulerte ord til HVL/NIH. Eg såg lysare på dette tidlegare i vår enn då eg sto midt oppi det. Litt arbeid på leirskulen, starte bedrift, skrive oppgåve – det verka så overkommeleg, heilt til eg såg på kalendaren. Svært få blanke dagar, men det gjekk bra.

Oppretting av selskap ja. Sognefjord Kaffibrenneri AS er no ei greie – også i Brønnøysundregisteret. Generalforsamling, styrevedtak, vedtekter, innbetaling av aksjekapital, val av styreleiar. Godt med alt som er gjortt.

Eg har fått litt forhandlaravtalar her og der, i tillegg til at eg har landa på kva posar kaffien skal kome i, samt kome fram til korleis «sånn circa» det skal sjå ut. Ting fell rett og slett på plass. Designar frå Gasta skal vere med å spekulere i korleis pakkane med kaffi skal sjå ut, samt hjelpe meg med å setje opp ein kredibel nettstad. Utruleg spent på å sjå korleis det vert til slutt, følg med på sosiale medier framover! 

Å få brennaren på plass tek litt lenger tid enn eg har håpa på, men no er den (om ikkje betalt) i produksjon "borte i Uniten".
Å få brennaren på plass tek litt lenger tid enn eg har håpa på, men no er den (om ikkje betalt) i produksjon "borte i Uniten".

Eg har tinga meg litt lagerplass, samt tilgang på ein kaffibrennar i Oslo no i sommar. Her er planen at eg skal brenne opp ein del vareprøver (ja, du skal få smake).

Vidare tek eg runda rundt til ein heil del potensielle kundar; serveringsstadar, museum, lokalmatforretningar og elles. Med kaffibønner i lomma, har eg tenkt å ha ein heil del pop-up (hopp opp?) kaffibarar. Målet er såklart at kaffien skal være ettertrakta, den gledens dag eg har fått alt på plass i Sogndal (og det kan vere med å finansiere oppstarten av brenneri-gildet såklart). Kanskje ein sykkel - kaffisykkelen. Trehjulssykkel med vogn på slep? Kaffibar på Eide-stranda ein varm sommardag? Då hadde eg hatt det kjekt!

Det var alt for no. Men hald deg fast: Det kjem fleire oppdateringar om ikkje så alt for lenge. No byrjar det å bli alvorleg spennande.

Til toppen