VEGARBEID: Ved Holsbru i Ljoteli på Tyinvegen skal det koma ny tunnel. No startar arbeidet opp att etter sommarferien.
VEGARBEID: Ved Holsbru i Ljoteli på Tyinvegen skal det koma ny tunnel. No startar arbeidet opp att etter sommarferien. (Foto: Sunniva Knutsen / Arkiv)

No er sommarferien over for tunnel- og vegprosjekt i regionen, sjå lista her

I midten av juli tok fleire vegprosjekt ferie. Måndag startar dei opp att.

Indre Sogn: Heile seks vegprosjekt startar opp at måndag. Fleire av går ut på utbetring av tunnelar og veg, og noko vedlikehaldsarbeid. Sjå fullstendig liste under.

E16 Gudvangatunnelen - Flenjatunnelen
Frå måndag til og med fredag i tillegg til sundag, kan tunnelane bli stengd på periodar inntil 1,5 timar grunna vegarbeid frå klokka 22 til 06. Det går kolonner frå Flåm 22:45, 00:15, 01:45, 03:15 og 04:45. Frå Gudvagnen 23:30, 01:00, 02:30, 04:00 og 05:30. 

Gjeld frå 5.august til og med 1.oktober.

E16 Lærdalstunnelen
Frå måndag 5. august til og med fredag 9.august skal Statens vegvesen utføra vedlikehald i Lærdalstunnelen. Det fører til at tunnelen kan bli stengt i periodar på inntil 30 minuttar i tidsrommet klokka 20:00 til klokka 06:00. 

Fv 53 Årdal - Holsbruvatnet bom, på strekningen Årdal - Tyinosen
Frå måndag til og med fredag kan vegen bli stengt i inntil to timar grunna vegarbeid i samband med den nye tunnelen som er under utbyggjing. Det vert opna for passering på faste klokkeslett. Rutegåande trafikk kan passera. 

Gjeld frå 5. august til og med 31. oktober. 

Fv 55 Røneidtunnelen, på strekningen Sogndal - Prestesteinsvatnet
Frå måndag til og med torsdag mellom klokka 08:00 og 18:00 kan det bli stengt i periodar på inntil 30 minutt grunna vegarbeid. Utrykkningskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. 

Gjeld frå 5.august til og med 8.august. 

Fv 55 Råumtunnelen, på strekningen Sogndal - Prestesteinsvatnet
Frå måndag til og med torsdag mellom klokka 08:00 og 18:00 kan det bli stengt i periodar på inntil 30 minuttar grunna vegarbeid. Utrykkningskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. 

Gjeld frå 5.august til og med 8.august. 

Fv 92 Nese - Ragnhildagjelet, på strekningen Nese - Vikøyri

Frå måndag til og med fredag blir det manuell dirigering og det kan bli stengt i periodar på inntil to timar i tidsrommert 07:30 til 19:00 grunna vedlikehaldsarbeid. 

Gjennomkjøring kl.10:00, 12:00, 14:00, 16:00 og 18:00

Gjeld frå 5.august til og med 9.august klokka 19:00.

Til toppen