TEKNE UT I STREIK: Alle montørane til Aurland Energiverk og Lærdal Energi streikar frå og med i dag. Foto: arkiv.
TEKNE UT I STREIK: Alle montørane til Aurland Energiverk og Lærdal Energi streikar frå og med i dag. Foto: arkiv.

No er streiken eit faktum

Montørane ved Lærdal Energi og Aurland Energiverk vart tekne ut i streik i dag tidleg.

Lærdal/Aurland: Det stadfester sjefane for dei to E-verka.

BROT I FORHANDLINGANE: E-verksjefane Per Gullaksen i Lærdal Energi og Helge Morten Vangen i Aurland Energiverk konstanterer at streiken er eit faktum.
BROT I FORHANDLINGANE: E-verksjefane Per Gullaksen i Lærdal Energi og Helge Morten Vangen i Aurland Energiverk konstanterer at streiken er eit faktum.

– Det vart brot i forhandlingane i går kveld, så det blei teken ut streik i dag tidleg, slik som varsla. Vi har fått innvilga dispensasjon for ein del tunnelar og ein del sjukehus og slikt, for å få feilretta på dei plassane, seier Per Gullaksen ved Lærdal Energi.

– No er me i gong, seier Helge Morten Vangen, ved Aurland Energiverk.

Les også: Kan bli tekne ut i streik fredag

Seks tilsette i Lærdal og sju tilsette i Aurland, dei fleste montørar, er tekne ut i streik. Det vil seie alle dei som er fagorganiserte. 

– Vi er tekne fullstendig ut i streik. Viss streiken skal trappast opp, så er det ved at andre bedrifter blir tekne ut, seier Gullaksen.

Kor lenge streiken vil vare har verken han eller kollegaen i Aurland nokon meining om.

– Det er sentralt dette blir forhandla. Det har me ingen påvirkning på lokalt, seier Helge Morten Vangen i Aurland Energi.

Brotet skuldast ueinigheit om regelverket for avspasering for vakter utanom arbeidstid. Konsekvensen av streiken er at feil i straumnettet ikkje vil blir retta opp, dersom det ikkje er fare for liv og helse. 

– Det er viktig å poengtere at dette ikkje er noko dramatisk, anna enn at det tek lengre tid viss noko dett ut. Men vi har veldig lite feil på nettet vårt, seier Per Gullaksen. 

 

Til toppen