NYTTÅSFORSETT: No er den tida av året då alle med nyttårsforsett skal setja forsetta til livs, og då ender dei veldig ofte opp på eit treningssenter. På Årdal Gym merkar dei ein auke, fortel Elin Solheim. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
NYTTÅSFORSETT: No er den tida av året då alle med nyttårsforsett skal setja forsetta til livs, og då ender dei veldig ofte opp på eit treningssenter. På Årdal Gym merkar dei ein auke, fortel Elin Solheim. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

No er tida når «alle» skal i gang med treninga

Dagleg leiar ved Årdal Gym, Elin Solheim, åtvarar treningsivrige mot å gå for hardt ut.

Årdal: Nytt år, nye moglegheiter, er eit typisk utsagn i desse tider. For mange betyr eit nytt år at dei skal bli flinkare til å trene. Dette merkar også treningssentera.

Sjølv om den enorme bølgja med ivrige personar som vil sette forsetta sine til livs ikkje har vaska over Årdal Gym enno, er det alltid ein auke i tal medlemar på denne tida, fortel dagleg leiar Elin Solheim.

– No var nyttårsaftan seint i veka, så me får håpa at det kjem fleire utover i veka. 

Vil koma i form

I fjor var ho i permisjon på denne tida, men året før skildrar ho situasjonen som «heilt vilt». Då var det smekkfullt på gruppetimane. No trur ho at det er eigentrening folk er mest opptekne av.

– Måndagar og tysdagar er det alltid mykje folk på timane. Til dømes sykkel på måndag er det knapt att plassar på når det vert lagt ut på laurdag. 

Men kva er det som gjer at akkurat no er tida for å gjere noko med fysikken?

– For dei fleste handlar det om å koma i form. No har dei sete heile jula og kosa seg, seier dei, og no vil dei koma i gong att. Dei er veldig innstilte når dei kjem, og mange held det gåande ganske lenge, fortel Solheim.

Realistiske mål

Ho er også utdanna personleg trenar, og ein som gjerne går igjen hjå dei fleste er at dei går for hardt ut når dei startar opp.

– Det er alt eller ingenting, og det blir for hardt med fem-seks treningar i veka. Kanskje ein heller skal ha ei innstilling på tre i veka, og så kan alt over vera ein bonus. Det er mykje vanskelegare med motivasjon viss ein alltid feilar. Og så er det kanskje betre med gruppetimar, der ein har nokon som vegleier deg, seier ho.

– Det er viktig med realistiske mål og at ein ikkje overvurderer seg sjølv. Det er mange med familie som har eit hektisk tidsskjema, og då er det greitt å vera sleten. Det skal ikkje vera eit nederlag. Ein kan også gjera øvingar heime, ta seg ein sykkeltur eller rett og slett gå litt raskare enn du gjorde før, så bidreg det. 

Mykje kjensler knytt til trening

Det er knytt mange kjensler til det å gå på treningssenter, og for mange er det å trene blant folk gjerne det som set ein stoppar. Solheim fortel at ho nyleg heiv seg med på ein gruppetime ho aldri hadde vore med på, og det gjekk fint. Sidan programma ofte skiftar, er det ikkje naudsynt at ein må vere med frå starten.

– Eg trente på Hydro først og var klar på at eg aldri skulle ned på Årdal Gym. Det gjekk nesten to år før eg melde meg inn, og då såg eg at det er ingen som ser på meg. Mange har nok med sitt eige, og eg har ikkje høyrt om folk som bryr seg om korleis ein kler seg eller ser ut.

Ho anbefalar folk som veit lite om trening å nytte seg av personleg trenar, som kan kome med tips og råd til korleis ein skal gjere øvingar på best mogleg måte utan slitasje på kroppen.

– Å investera i helsa di er aldri dumt. Det er noko du skal ha resten av livet. 

Til toppen