No er Tindevegen opna

No er Tindevegen opna

Onsdag opna Tindevegen over til Turtagrø.

Som planlagt opna Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø onsdag. Då Porten.no snakka med Frank Roger Eldegard førre veka, fortalte han at dei sikta seg inn på 6. mai.

I dag melder Tindevegen på sine Facebook-sider at vegen er opna, ein liten time forsinka på grunn av maskinhavari.

Vidare skriv dei at vêrtilhøva kan endra seg brått på vegen i vårmånaden mai og ber folk vera obs på at vegen kan bli stengt på kort varsel.

– Teknisk problem med ein automat gjer at passering (løysing av billett) begge vegar blir i fil mot bomhytte inntil vidare, opplyser dei vidare. 

Til toppen