Sogndal: Kristian Fardal Opseth har skrive under for Bodø/Glimt med ei avtale som går ut 2019-sesongen. Det melder Sogndal Fotball på klubben sine eigne nettsider.
Kraftspissen sleit med å få speletid for Sogndal etter opprykket til eliteserien i 2015 og gjekk denne våren på utlån til dei nordlendingane. Der har han bøtta inn mål, ti i serien til no, difor ønskjer Glimt å sikre seg kaupingen sine tenester i to og eit halvt år framover.
- Kristian har gjort det bra i Bodø, og han trivast i både by og klubb. Me er difor sikre på at dette er eit riktig steg for han i hans vidare karriere som fotballspelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo i pressemeldinga.