RYDDA: Den populære turistvegen i Galdane er rydda etter at eit ras har sperra vegen sidan i fjor haust. Foto: Jan Christian Jerving.
RYDDA: Den populære turistvegen i Galdane er rydda etter at eit ras har sperra vegen sidan i fjor haust. Foto: Jan Christian Jerving.

No er turistvegen rydda

Men vegen vert ikkje opna for trafikk før i mai.

Lærdal: Det var i oktober i fjor at store steinar hadde rasa ut i vegen og sperra vegbana på den populære turistvegen i Galdane i Lærdal.

Då var vegen allereie stengt for vinteren, og difor er det ikkje gjort noko med massane før no. Sjølv om det er rydda no, så kjem ikkje vegen til å opna før han ordinært skal opna i mai.

Turistvegen i Galdane er populær blant turistar på grunn av den smale vegbana og ikkje minst oppmodinga om at ein må køyre sentrisk. Tidlegare var vegen ein del av stamvegen mellom aust og vest, men etter at Seltatunnelen opna i 2004 har vegen fungert som turistveg. 

RAS: Slik såg det ut då store steinar rasa ned og ut i vegbana.
RAS: Slik såg det ut då store steinar rasa ned og ut i vegbana.
Til toppen