INTEGRERING: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og resten av formannskapen meiner førarkort til flyktningar er viktig for god integrering. Midlane kjem frå flyktningefondet, som er statlege midlar som skal dekke utgiftene for integrering av flyktningar.
INTEGRERING: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og resten av formannskapen meiner førarkort til flyktningar er viktig for god integrering. Midlane kjem frå flyktningefondet, som er statlege midlar som skal dekke utgiftene for integrering av flyktningar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

No får flyktningar gratis førarkort i Lærdal

Det vart samrøystes vedteke i formannskapen torsdag. Flyktningane må oppfylle visse kriteria for å få støtte.

Lærdal: Flyktningar som er i ferd med å integrera seg og er busett i Lærdal, får støtte til førarkort. Einslege forsørgjarar får gratis, medan dei andre flyktningane får dekka 75%. Kostnaden tek flyktningefondet. 

Heile formannskapen var positiv til forslaget.

Turid Stigen Sørensen, fagleiar for flyktningetenesta i Lærdal og Aurland, meiner dette vil hjelpa flyktningar å finna seg til rette i lokalsamfunnet. 

– Når dei kan pendla lokalt, vil det gjera det lettare for dei å skaffa seg jobb. I tillegg vil det hjelpa dei å ta del i det sosiale, spesielt når det gjeld barn og fritidsaktivitetar, seier ho.

Når Lærdal tek imot flyktningar, følgjer det med pengar frå staten som skal brukast på integrering. Dette utgjer flyktningefondet.  

Støtte frå politikarane

Kriteriar for å få førarkort

  •  Einslege forsørgjarar får dette førarkort 100 %, andre flyktningar får dekka 75% av kostnadene.
  • Alle må oppfylle desse kriteriane for å få førarkort: 

-Dokumentasjon av bestått eksamen på norsk nivå A1.
- Dokumentasjon av bestått teoriprøve
- Søkaren må sende skriftleg søknad om dekking av utgifter til førarkort
- All utbetaling vert overført direkte til køyreskulen 
- Ved fråflytting frå Lærdal kommune før integreringsperioden er over blir kostnadene gjort om til rentefritt sosiallån.

  • Vedtaket om gratis førarkort til flyktningar trer i kraft etter handsaming i kommunestyret 13 desember. 

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er frustrert over korleis situasjonen har vore hittil. 

– Det er synd at folk som kjem frå visse delar av verda, ikkje får godkjent førarkortet sitt på ein enklare måte.

Han tykkjer ikkje det er greit at folk må ta førarkort på nytt, når dei kan å køyra bil og har førarkort frå før.

– Eg ser føre meg at dersom eg kom til Syria og måtte ta førarkortet på nytt, så hadde eg vore vanskeleg å ha med å gjera. Dette er eit viktig grep for integrering, og eg synst det er synd at dette er eit tiltak som må gjerast kommunalt og ikkje nasjonalt, seier han. 

Både Gro Starheimsæter (Sp) og Annike Vanberg (SV) er einige i argumenta frå flyktningetenesta. 

– Å bu i distriktet byr på utfordringar. Me er ofte avhengige av å transportera oss sjølve, for noko godt offentleg tilbod kjem me aldri til å få, seier Starheimsæter. 

– Det beste me kan gjera for integreringa er å hjelpa folkt til å klara seg sjølv i størst mogleg grad, seier Vanberg.

Skuffa over negative tilbakemeldingar

Dette er eit forslag som har skapa mykje bråk blant innbyggjarane då det først blei presentert av Viktor Yttri (Sp) i oktober. På sosiale medium var det fleire som stempla Yttri som ein forrædar. 

– Eg tykkjer måten det har vore reagert på er synd, sa Solheim. 

– Det vart veldig mykje støy. Det forundrar meg ikkje at det er ulike meiningar, men eg er skuffa over måten folk diskuterer på, og veldig sjokkert over kommentarar som har kome fram, sa Starheimsæter. 

Til toppen