SESONG: No byrjar røyken å stiga frå pipene - tørr ved og god trekk er faktorar som førebyggjer pipebrann. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes
SESONG: No byrjar røyken å stiga frå pipene - tørr ved og god trekk er faktorar som førebyggjer pipebrann. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes

No går me inn i pipebrann-sesongen

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane har gode tips til korleis ein unngår pipebrann.

Sogn: Kaldare vêr fører til at folk som har moglegheit til det, fyrer med ved. Det gjer at faren for pipebrann aukar. Difor vil Alarmsentralen minne folk om å fyre riktig for å unngå nettopp dette.

– For å unngå pipebrann er det viktig å fyre med tørr ved og god trekk i eldstaden. Ved å fyre riktig vert det danna mykje mindre beksot i pipeløpet og moglegheitene for å få pipebrann blir vesentlig mindre, seier vaktleiar Espen A. Rysjedal.

Ein pipebrann kan foregå i det skjulte. 

– Viss du høyrer ei rumling frå pipa, ein anna lyd enn normalt når du fyrer, då må du vere obs. Ein større pipebrann vil føre til røykutvikling og flammar kan stå ut av pipa.

Rysjedal ber folk som er usikre på når dei hadde besøk av feiaren sist om å kontakte kommunen og be om at pipe og eldstad vert kontrollert. 

Til toppen