No går me inn i vintertid

No går me inn i vintertid

Men var det ein time fram eller attende klokka skal stillast?

Natt til søndag 25. oktober er det på ny tid for å stille klokka frå sommartid til vintertid. Ein hugseregel er at når utemøblane skal inn, skal også klokka stillast ein time attende. 

Det er gode nyhende for b-menneske, i motsetning til omstillinga frå vinter- til sommartid. Neste veke kan du nemleg sjå fram til ein time ekstra på auga før du skal ut på til dømes jobb eller skule. 

Tanken bak sommar- og vintertid er å få betre utnytting av sommarmånandene, slik at ein betre nyttar seg av dagslyset og og dermed minskar energibruken. Benjamin Franklin var mannen som foreslo sommartid i eit essay frå 1784, men først i 1910 vart det vurdert på alvor. Under første verdskrig innførte Noreg og fleire europeiske land sommartid for å spare energi. 

Sjølv om ordninga ikkje vart teken i bruk att før under andre verdskrig og på starten av 1960-talet, var det ikkje før frå 1980 at det vart fast sommartid i Noreg, skriv National Geographic Norge. 

Gjennom eit EU-direktiv frå 2001, skal alle EØS-landa stille klokka ein time fram siste søndag i mars og tilbake siste søndag i oktober. Likevel har nok sommar- og vintertid hatt mindre betydning i dei industrialiserte landa i den seinare tid. 

Til toppen