RYDDAR OPP: Brøytemannskapet er i full gang med å rydde opp etter gårsdagens og nattas storm. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
RYDDAR OPP: Brøytemannskapet er i full gang med å rydde opp etter gårsdagens og nattas storm. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

No går trafikken som normalt i fjellet

Trafikken på fjellovergangane går som normalt att etter uvêret tysdag kveld.

Årdal: Ein kort, men tidvis kraftfull storm sørga for at både fylkesveg 50 og 53 vart stengt tysdag. Det var dei to fjellovergangane framleis onsdag morgon, men no er berre opna.

Morgontimane onsdag vart nytta til oppryddingsarbeid etter uvêret i går. Like etter 09.00 opna Hol-Aurland, og omtrent ein time seinare kunne Vegvesenet melde at også Tyin-Årdal var opna for fri ferdsle.

Dermed er alle fjellovergangane mellom aust og vest opne for normal ferdsle.

Til toppen