VELUTSTYRT: Importøren seier bilen har eit meir omfattande grunnutstyr enn dei tyske konkurrentane sine. FOTO: Andreas Libell 
VELUTSTYRT: Importøren seier bilen har eit meir omfattande grunnutstyr enn dei tyske konkurrentane sine. FOTO: Andreas Libell 

No gjeld det for Alfa Romeo

Alfa Romeo Giulia er nøydd til å vera ein veldig god bil. Han skal restarte heile merket, og då er det ikkje rom for å feila.

Det har ikkje vore mykje fart i det klassiske italienske bilmerket Alfa Romeo dei siste åra. Med éin einaste modell for massane, Giulietta, som i tillegg har vore på marknaden sidan 2010, har det knapt vore noko sal å snakke om. Totalt er det registrert 18 nye Alfa Romeoar i Noreg til og med juli, det er så vidt fleire bilar enn det er forhandlarar.

Giulia skal ta over etter 159-modellen, som blei teken ut av produksjon i 2011. Merket har med andre ord hatt eit temmeleg langt opphald i mellomklassen. Rykta har fortalt at noko av grunnen er at leiinga i konsernet lenge var misnøgde med bilen som skulle ta over. Men no, fem år seinare, er han her.

Og det er ein ganske annan bil enn 159, som var ein framhjulsdriven og relativt tung bil, god å køyra, men ikkje på nivå med til dømes ein BMW 3-serie i køyreglede. No er det nettopp 3-serien Alfa Romeo vil matches mot. Det betyr at vi skal venta oss ein leiken, mellomstor familiebil.

Artikkelen held fram under biletet

VERSJONAR: Ved introduksjonen kjem Giulia med to dieselmotorar på 150 og 180 hestekrefter, og ein V6-bensin på 510 hestekrefter. På kort tid kjem også ein bensinmotor med 200 hestekrefter som vil kosta frå 485.000 kroner.
VERSJONAR: Ved introduksjonen kjem Giulia med to dieselmotorar på 150 og 180 hestekrefter, og ein V6-bensin på 510 hestekrefter. På kort tid kjem også ein bensinmotor med 200 hestekrefter som vil kosta frå 485.000 kroner.

Allereie på papiret kan ein sjå at dei har gjort noko i den retninga. For første gongen sidan Alfa Romeo 75, som gjekk ut av produksjon i 1992, har dei laga ein sedan med bakhjulstrekk. På same måten som det ein finn i 3-serien. Det skal også visa seg at det er fleire likskapstrekk, meir om det litt seinare.

Hissig front

Utvendig har produsenten skapt ein bil som ser hissig ut, med den tradisjonsrike triangelgrillen og eit sidestilt registreringsskilt. Fronten har klare trekk frå tidlegare utgåver frå merket, men han ser på same tid moderne ut, med markerte linjer på panseret og langs bilen.

Hekken er muskuløs og har samtidig eit visst særpreg. Innvendig er det ikkje like framtidsretta som i til dømes Audi A4. I staden for eit heildigitalt interiør har italienarane valt å satsa på store klokker i dashbordet bak rattet, medan ein digital skjerm er elegant integrert i flata over midtkonsollen. Det er ikkje veldig originalt, men skil seg likevel frå dei nærmaste konkurrentane sine, noko som kan vera ein god idé.

Startknappen på rattet dreg tankane mot dei meir funky merka til morselskapet, som Ferrari. Vel du automatgir, får du også med eit sett med rattstammemonterte girhendlar, digre, i metall, igjen med ein god Ferrari-link. Og skulle du vera skikkeleg pengesterk, kan du gå for megaversjonen Quadrifoglio, med ein 2,9-liters V6-motor på massive 510 hestekrefter, som er sett saman av, nettopp, Ferrari.

Kvassare enn BMW

På den noko meir jordnære sida fekk vi først prøva versjonen med ein 2,2 liters diesel på 180 hestekrefter, med automatgir.

Sjølve giret er frå produsenten ZF, og er i utgangspunktet den same som du finn i BMW 3-serien. Det fører med seg ei litt snedig sak, nemleg at sjølve girspaken er den same som i tyskaren, rett nok med ein litt annan farge.

Artikkelen held fram under biletet

GROM: V6-motoren er skrudd saman med eksperthjelp frå Ferrari, og det er ein utruleg artig bil, til ein temmeleg dryg sum.
GROM: V6-motoren er skrudd saman med eksperthjelp frå Ferrari, og det er ein utruleg artig bil, til ein temmeleg dryg sum.

Samtidig verkar det som Alfa Romeo har ei litt heftigare programmering, for gjev du gass, smell han i gir, og det kjennest som om han er kvassare enn BMW-versjonen.

Det kler bilen godt, for han viser seg å ha treft ekstremt godt på køyreeigenskapar. Styringa er superkvikk og presis. Dei har klart å balansera dette slik at han ikkje kjennest nervøs. Understellet følgjer opp, med ei veldig god evne til å svelgja det ujamne og på same tid vera stivt nok til at bilen tek svingar flatt.

Det er eit veldig langt steg frå 159-modellen. Og eit heilt nødvendig steg når ein tenkjer på kva som kviler på skuldrene til modellen.

For no verkar han som den beste i klassen på køyremaskin. Rett nok er motoren, som alle dieselmotorar, litt kortpusta. Han går i raudt rundt 4.500 omdreiingar per minutt. Det er all mogleg grunn til å tru at det heile vil kjennast endå betre når bensinmotoren på 200 hestekrefter kjem. Ein motor som burde vera ideell i ein bil som dette.

Rare sete

Seta er noko Alfa Romeo framleis ikkje har heilt dreisen på. I bilen vi fekk prøva, var det ikkje mogleg å stilla vinkelen på setet, og sjølve puta var altfor kort. Det er ikkje like ille som i gamle dagar då ein måtte ha kroppsform som ei ape for å passa, men litt merkeleg er det. No skal det seiast at dette blei gløymt etter nokre minutt på svenske bygdevegar, der Giuliaen var i sitt ess.

Artikkelen held fram under biletet

KØYREEIGENSKAPAR: Alfa Romeo har skrudd saman ein veldig artig familiebil.
KØYREEIGENSKAPAR: Alfa Romeo har skrudd saman ein veldig artig familiebil.

Og skal ein først snakka om å vera i sitt rette element, så fekk vi seinare prøve Quadrifoglio-utgåva på bane. På ein ganske trong og vrien ein. Der verka den kvikke bilen, som ifølgje Alfa Romeo er den raskaste bilen frå dei, som svært leiken. Han har den same raske styringa, og balansen var rett og slett ekstremt god. Samanlikna med M3 til BMW kjennest han både kjappare og meir handterleg. Som ein feit bonus har han ein superheftig lyd frå eksosanlegget, ei særeigen blanding av skarpleiken til V6-ein og buldringa som kan minna om ein V8-ar.

Med ein gong verkar det som Alfa Romeo må gjera ein slett jobb viss Giulia skal bli tung å selja, men det er samtidig ein del ting som kan bli trøblete for bilen. For det er ingen kjende planar om firehjulstrekk eller stasjonsvogn. Det er heller informert om nokon alternative drivlinjer.

Ikkje nødvendigvis noko stort problem generelt, men i Noreg vil dette heilt klart vera sterkt avgrensande for utbreiinga til Giulia.

Til toppen