GEOFILTER: Årdall har fått sitt eige geofilter på Snapchat, så no kan du syne venene dine kor du er. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GEOFILTER: Årdall har fått sitt eige geofilter på Snapchat, så no kan du syne venene dine kor du er. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

No har bygda fått eige geofilter på Snapchat

No kan du vise kor du er i verda når du tar bilete med Snapchat.

Årdal: Mange let seg underhalde av dei ulike filtera som ein kan leggje på bileta sine med Snapchat, anten du vil sjå ut som ein hund eller berre gjere biletet ditt om til svart-kvitt. 

Det er heller ikkje uvanleg med såkalla geofilter. Desse filtera syner gjerne namnet på ein by, universitet, lokale landemerke eller andre offentlege stader, men det er ikkje alle stader som har eit slikt merke. No har Øvre Årdal fått ikkje berre eitt, men to slike filter, der tema sjølvsagt er fjella. Også Årdalstangen har eige filter. Det har dei hatt sidan slutten av februar.

Næringssjef kommunen, Terje Laberg, tykkjer det er positivt at tettstaden har fått eit slikt filter og ser det heile i reiselivssamanheng.

Artikkelen held fram under biletet.

GEOFILTER: Slik ser geogiltera for Øvre Årdal ut.
GEOFILTER: Slik ser geogiltera for Øvre Årdal ut.

– Dette er ein unik sjansen for årdøler å påverke omdømmet og attraktiviteten til Årdal, noko dei kan gjere gjennom alle sosiale medium. Det har faktisk mykje større verdi, trur eg, at folk sjølv formidlar at dei tykkjer det er ein bra plass å bu framfor svære kampanjar, seier han.

ÅRDALSTANGEN: Slik ser geofilteret for Årdalstangen ut.
ÅRDALSTANGEN: Slik ser geofilteret for Årdalstangen ut.

Filteret fungerer slik at dersom ein er innanfor eit spesielt område, så kan ein ta eit bilete med Snapchat og sveipe til venstre. Då dukkar geofilteret opp. 

Laberg meiner sosiale medium er ein viktig plass å syne fram eit lokalsamfunn på. 

– Er du på Snapchat sjølv?

– Ja, eg har det til intern bruk med familien, der eg får bilete av barnebarna og slikt, smiler han.

Her kan du lese meir om geofilter.

Til toppen