KLATREPARK: Det var stor iver over den nye klatreparken på skulen.
KLATREPARK: Det var stor iver over den nye klatreparken på skulen. (Foto: Kaupanger skule )

No har dei endeleg fått klatrepark på Kaupanger skule: – Me er veldig nøgde

Det seier rektor på skulen, Kjell Ertesvåg.

Kaupanger: Måndag opna Kaupanger skule den nye klatreparken sin, og etter fire dagar i bruk er den allereie blitt veldig populær.

– Det er folk det heile tida, sjølv om vêret er ruske og dårleg for tida, seier rektor, Kjell Ertesvåg. 

Òg på kveldstid er det mykje liv og røre i den nye klatreparken.

– Den er mykje brukt utanom skulen òg, både av yngre ungar saman med foreldre. Det er blitt ein samlingsplass på fritiden, og det tykkjer jo me er flott, seier Ertesvåg. 

Elevane ynskte noko nytt på uteområdet 

For ei stund sidan spurde skulen elevane kva som mangla, og då var det ynskje om noko nytt på uteområdet. 

OPNA: Rektor ved Kaupanger skule, og ordførar i Sogndal opna den nye klatreparken. Foto:  Kaupanger skule

– Då starta jobben med å få ein klatrepark på plass, samt finansieringa som har bestått av eigne midlar, og spelemidlar, fortel Ertesvåg. 

Og sidan har ballen trilla og gått.

– Dette var noko elevane etterlyste, og det er jo ein aktivitet som fører til meir variasjon. Det blir mykje fotball på mange her, men ein klatrepark bryt litt med fotballen, òg fordi den er plassert nede ved den store bana vår. 

Rektor til topps saman med ordføraren 

Måndag samla heile skulen seg ute på tribuna framanfor den nye klatreparken. 

– Eg sa nokre ord, me song skulesangen vår, og så sa ordføraren nokre ord. 

Då det var tid for å klyppe snora, kom ordførar Jarle Aarvoll med ei lita utfordring til rektor. 

– Han utfordra meg til å klatre til topps i tårnet i klatrestativet, så då gjorde me det.

Korleis gjekk det?

KLATREPARK: Skulen samla på tribuna. Foto:  Kaupanger skule

– Det var seks meter høgt, og eg har no eigentleg litt høgdeskrekk, men det gjekk fint, seier Ertesvåg. 

Etterpå serverte skulen pølser og saft.

– Endeleg har me klatrepark òg, no har dei fleste skulane i kommunen det. Det er jo ein kjempeaktivitet, så me er veldig nøgde, avsluttar rektor. 

Til toppen