FANN KATT: Gro-Merete Blix fortel at dyrevenene har fått tak i ein av dei tre–fire kattane som folk har observert langs fylkesveg 53 i Øvre Årdal. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Gjekk i fella – no har katten fått ny, mellombels heim

Seint torsdag kveld klarte dyrevener i Årdal å få tak i ein av dei tre eller fire kattane som oppheld seg langs fylkesvegen mot Tyin i Øvre Årdal.

Øvre Årdal: Den vesle svarte katten er no hjå ein mellombels heim og blir tatt godt vare på, seier Gro-Merete Blix, ein av dyrevenene som hjelper til med å fanga kattane og gi dei ein ny heim.

– Katten blir ikkje teken til dyrlege før i veke 30. Formen er fin. Han vart litt stressa då han stod i fella, men roa seg fort ned då fella vart dekt til, fortel ho.

Katt funnen
Katt funnen Foto: Privat

Det er over ei veka sidan folk observerte fleire ulike kattar som frå 400-meteren og nedover langs fylkesvegen i Øvre Årdal. 

Ber eventuell eigar ta kontakt

Etter at Porten.no skreiv saka har fleire dyrevener meldt seg til teneste, sett ut feller og forsøker no å fanga kattane slik at dei kan få ein ny heim. Sjølv om det er mogleg at kattane kan ha rømt, mistenkjer dei at nokon kan ha reist i frå dei, noko som ikkje er uvanleg om sommaren når folk har ferie.

Torsdag kveld vart altså den første av det dei trur er tre eller fire kattar fanga. 

– Det er viktig no at dersom saknar ein katt, så gir dei beskjed. Eigaren treng heller ikkje vera redd for at me omplasserer han viss det er slik at nokon faktisk eig han. Katten blir undersøkt av dyrlege i veke 30. I mellomtida kan folk ta kontakt dersom dei trur det er deira katt, seier Blix.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen