HAR STARTA BYGGINGA: Initiativtakarane bak Dalalåven AS tek imot sjekken på èin million kroner frå Sparebanken Vest, ei pengegåve som er avgjerande for at bygginga av det nye servicebygget i Hodlekve kan starta. Frå ventre: Magne Hofslundsengen (Bratt Moro), Tor Yttri (Bratt Moro), Geir Henning Høyheim (Sparebanken Vest), Trond Helgesen (Sparebanken Vest og Per Odd Grevsnes (Sogndal skisenter).
HAR STARTA BYGGINGA: Initiativtakarane bak Dalalåven AS tek imot sjekken på èin million kroner frå Sparebanken Vest, ei pengegåve som er avgjerande for at bygginga av det nye servicebygget i Hodlekve kan starta. Frå ventre: Magne Hofslundsengen (Bratt Moro), Tor Yttri (Bratt Moro), Geir Henning Høyheim (Sparebanken Vest), Trond Helgesen (Sparebanken Vest og Per Odd Grevsnes (Sogndal skisenter).

No har dei starta bygginga av den nye storstova i Hodlekve

Første byggjetrinn vil kosta rundt 18 millionar kroner, og stå klart til neste haust, kanskje før.

Sogndal: – Dette er ei heilt sentral brikke av den utbygginga me no gjer i Hodlekve, og midlane me fekk fekk var heilt nødvendige for at me skulle få ein oppstart på dette bygget no, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter. 

Onsdag kom pressemeldinga om at selskapet som er etablert spesielt for denne utbygginga har fått èin million kroner i gåve frå Sparebanken Vest. Dalalåven skal bli den nye samlingsplassen til ski- og friluftsfolket i Hodlekve.

– Plasseringa er i Rindabotn, der me etter kvart skal utvikla eit lite sentrum i senteret, som vil bli kalla Rindabotn hyttelandsby, seier Grevsnes.

Vil ha aktivitet heile året

I den 800 kvadratmeter store Dalalåven vil det koma matservering, pub, sportsforretning, skiutleige og kontor, i tillegg til dei vanlege servicefunksjonane.

LANDLEG ARKITEKTUR: Slik ser selskapa bak Dalalåven for seg den nye samlingsplassen i Hodlekve. Illustrasjon: Bratt Moro.  

Tanken er at dette skal verta startpunktet for aktivitetar i og rundt Hodlekve.

– Folk har sakna dette her. Me har hatt ei brakke der folk har kunna gått inn på dei kaldaste dagane og spist nistepakken. No kan dei kan koma inn på eit servicesenter, og anten kjøpa ei pølse i brød som før, eller dei kan forhåpentlegvis få kjøpt seg ein betre middag, seier Grevsnes.

Som ein kuriositet nemner han at dei fekk skjenkeløyvet på plass, før dei fekk løyve av kommunen til å bygga. Afterskien er med andre ord sikra.

Det er berre første byggetrinn dei startar no. Heile skalet vil bli bygd ferdig, men dei har ikkje nok pengar til å innreia heile huset.

– Den delen av bygget me skal veksa inn i, vil dei første åra bli brukt som garasje for trakkemaskinene våre, seier Grevsnes.

Satsar på kunnskap

Det er Dalalåven AS som står bak utbygginga, eit selskap starta av Sognefjorden Utvikling og Bratt Moro.

Sistnemnde ser for seg å bruka bygget året rundt til ein stad dei kan driva kunnskapsformidling, for eksempel ved å arrangera skredkveldane dei tidlegare har hatt stor suksess med.

– Me har smakt litt på dette med å driva med kunnskapsformidling, og det fristar. Me har heilt klare ambisjonar om kva som skal skje på den fronten i framtida, men det er litt tidleg å avsløra no, seier Grevsnes.

Som vanleg i Hodlekve liker dei å setta agressive tidsfristar. Denne gongen har dei laga to, ein realistisk og eitt draumescenario. 

– Me har eit stort ønskje om at delar av bygget skal vera klart til Fjellsportfestivalen i februar. Det er eit hårete mål, men me veit at me har med oss flinke folk. Det meir realistiske er at det skal stå klart til neste sesong, seier Grevsnes.

Til toppen