SPADEN I JORDA: Målet er at innovasjonssenteret skal stå klart til opning i oktober neste år.
SPADEN I JORDA: Målet er at innovasjonssenteret skal stå klart til opning i oktober neste år.

No har dei starta bygginga av innovasjonssenteret

Gründerane i Sogndal får eigen boltreplass.

Sogndal: Dei første anleggsmaskinene har starta arbeidet med det som skal verte eit fyrtårn i satsinga på entreprenørskap i Sogndal.

Kunnskapsparken er ein av dei framtidige leigetakarane. Den daglege leiaren, Kjetil Kvåle, gler seg til å kunne samle alle gründeraktørane under eitt tak.

SER FRAM TIL NYE LOKALE: Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken, trur innovasjonsbygget vil styrke posisjonen Sogndal har som gründerstad.
SER FRAM TIL NYE LOKALE: Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken, trur innovasjonsbygget vil styrke posisjonen Sogndal har som gründerstad.

– Det er ikkje nødvendigvis bygget i seg sjølv som vil skape nye moglegheiter. Det er innhaldet som blir spanande. No kan vi byggje frå starten av med ein tanke om å skape eit miljø for entreprenørskap, seier han.

Les også: Her kjem innovasjonsbygget til Sogndal Fotball

Innovasjonssenteret vert bygd av Sogndal Fotball og vil ta opp 1500 kvadratmeter over tre etasjar. I tillegg til kontorplass er tanken å kunne tilby kompetanse, gjennom å knyte til seg advokatar, patentkontor, regneskapsførarar og liknande.

Kvåle seier det har over tid har vakse fram eit behov for ny plass. Fosshaugane Campus var ein stor tanke, men då planane vart sett ut i live for ti år sidan hadde ingen sett føre seg kor stor rolle dei nyskapande verksemdene skulle kome til å spele.

– Vi meiner dette vil styrke posisjonen til Sogndal enno meir. Kunnskapsparken er ein aktør for heile fylket, og vi prøver å få til det same i Stryn og Førde. Det handlar om å lage sterke miljø, for det trekkjer til seg folk, seier Kvåle.

HAR PLANANE KLARE: Det nye innovasjonsbygget i svart kjem som eit tilbygg til Fosshaugane Campus. Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B.
HAR PLANANE KLARE: Det nye innovasjonsbygget i svart kjem som eit tilbygg til Fosshaugane Campus. Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B.
Til toppen