Årdal: – Me starta med kronerullinga rett over nyår. No har me tenkt å setta inn støtet, seier Odd Arne Guttulsrød i Årdal sokneråd.

Kommunen har sett av 2,5 millionar til ny heis i kyrkjelydshuset på Årdalstangen. Heile prosjektet skal leggja betre til rette for rørslehemma og den dyraste løysinga vil kosta 3,3 millionar kroner.
– Me er veldig avhengige av hjelp. Me manglar nokre hundre tusen på å få det heilt slik som me har tenkt. Men det viktigaste for oss er å få i stand heisen og handicaptoaletta, seier Guttulsrød.
Han seier dei har oppretta vippskonto til føremålet, slik at det skal bli enklare for folk å bidra. Ikkje sjeldan stoppar folk dei på butikken og lurer på korleis dei kan bidra.
– Jo meir me får inn, jo betre blir ombygginga, seier Guttulsrød.