RIV HOTELLET: Innan 1. mai skal Ryggjatun hotell vere jamna med jorda. Foto: Privat.

No har dei starta rivinga av hotellet​

Innan mai skal Ryggjatun Hotell vere jamna med jorda. Deretter ventar nok eit bustadprosjekt i Aurland.

Aurland: Det manglar attraktive bustader i Aurland, og det har investorar fått med seg. No kan det også kome leiligheiter på tomta der Ryggjatun Hotell ligg i dag. Rivingsarbeidet vart starta i førre veke.

– Planen er å gjere denne jobben i løpet av vinteren, slik at bygget er jamna med jorda til 1. mai. Det er ein lokal entreprenør som står for jobben, og det er kopla på ein byggfagleg konsulent som følgjer prosessen undervegs, fortel banksjef i Aurland sparebank, Atle Stalheim.

– I prinsippet samd med kjøpar

Det framtredande bygget på Aurlandsvangen har stått i 50 år og vorte nytta til både hotelldrift og asylmottak. Etter at siste eigar gjekk konkurs, har bygget tilhøyrt sparebanken. 

– Det er gjort ulike forsøk på å skapa aktivitet ved å gjere det om til leiligheiter, og me var ganske nær. No er me i prinsippet samde med kjøpar, men det er ikkje signert kontrakt. Det er snakk om ein investor frå lokalmiljøet, seier Stalheim, men vil ikkje gå nærare inn på kven før ting er på plass.

Artikkelen held fram under biletet.

BUSTADPROSJEKT: Når rivinga er avslutta, er planen å byggje opp leiligheiter. Med gjeldande reguleringsplan er det plass til 32 leiligheiter på tomta.
BUSTADPROSJEKT: Når rivinga er avslutta, er planen å byggje opp leiligheiter. Med gjeldande reguleringsplan er det plass til 32 leiligheiter på tomta.

Vurderte rivinga

Planen er då å byggje leiligheiter her. I dag er det plass til 32 leiligheiter innanfor gjeldande reguleringsplan. 

– Dette er eit godt prosjekt som me klarar å realisere. Både for bygda og banken sin del er det bra. Me vurderte fram og tilbake om det skulle rivast, men fann ut at det var best for prosjektet å riva det og byggja nytt, forklarar Stalheim.

– For lokalsamfunnet er leiligheitersprosjekt bra, trur eg. Det er stor etterspurnad etter attraktive bustader, og tomta der oppe er fantastisk flott med mykje sol og fin utsikt. I tillegg er det kort veg til sentrum. 

Til toppen