FÅR OMSORG: Katten til venstre har fått ein grundig sjekk hos dyrlegen og ein varig heim. Katten til høgre ventar enno på veterinærbesøket og det er usikkert om han faktisk er vill.
FÅR OMSORG: Katten til venstre har fått ein grundig sjekk hos dyrlegen og ein varig heim. Katten til høgre ventar enno på veterinærbesøket og det er usikkert om han faktisk er vill. (Bilde: Privat)

No har den første katten fått ein trygg heim – nummer to ventar tur til dyrlegen

– Det følest kjempedeilig.

Årdal: Den første katten, ein liten svart ein, vart fanga for to veker sidan og var til dyrlegen måndag. Der vart det konstatert at han hadde fått ein skade på eine auge, men ikkje var blind. I tillegg hadde han ein bittskade på halsen, men ellers var han i fin form. No er han kastrert, vaksinert og «chippa». No har han fått ein ny heim og er i trygge hender.

– Det følest kjempedeilig og er ei stor glede for alle som har engasjert seg i dette arbeidet. No veit me at den katten har det trygt og godt i fosterheimen, seier Gro-Merete Blix, ein av fleire frivillege i Årdal som har engasjert seg for dei tre-fire kattane som folk har observert langs fylkesveg 53 i Øvre Årdal.

Les også: Gjekk i fella – no har katten fått ny, mellombels heim
Les også: Kattemysterium 400 meter over havet: – Her måtte eg gjere noko

VELLUKKA FANGST: Dyrevenene i Årdal har no fanga to av dei tre-fire kattane som er observert langs fylkesvegen mot Tyin i Øvre Årdal.
VELLUKKA FANGST: Dyrevenene i Årdal har no fanga to av dei tre-fire kattane som er observert langs fylkesvegen mot Tyin i Øvre Årdal. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

På måndag fanga dei katt nummer to, grå i pelsen med eit kvitt parti på haka og brystet.

– Den skulle me ha til dyrlegen i går, men fekk ikkje inn att i buret. Den verkar ganske tam, så vi lurer på om det er nokon som eig han, seier Blix, som håpar bildet av katten gjer at dei kan nå ut til potensielle eigarar.

Om det kan vere fleire kattar i området har dei førebels ikkje oversikt over. 

– Nokon meiner dei har sett ein grå katt, som er mindre enn den vi har fanga, medan andre meiner dei har sett ein oransje. Det er vansekeleg å seie, for det kan vere private kattar som går i området der òg, seier Blix.

Ho understrekar at dei framleis har behov for fleire fosterheimar, men at dei som henvender seg må vere klar over at det krev ein viss innsats å temme ein villkatt.

– Dei treng å bli sosialsierte og vande til å vere rundt folk. Då må du ha dei inne ganske lenge, gjerne på eit eige rom i starten. Viss du slepp dei ut for tidleg, så stikk dei, seier Blix, som tilrår at du held villkattar inne i minst eit halvt år før du vurderer å sleppe dei ut.

Oppdatering: Porten.no har, etter at artikkelen vart skriven, fått melding om at eigaren av den gråe katten no er funnen, og at vedkomande har fått heim pusen sin.

Til toppen