FLYGANDE KEEPER: Tidlegare i februar spela Årdal sitt gutelag kvalifisering til kretsmeisterskapen. Leander Øy scora mål, sjølv om han var keeper. Han skaut frå midtbana. Fredag og laurdag fekk han prøva seg i to kampar der dei andre spelarane var eldre enn han.
FLYGANDE KEEPER: Tidlegare i februar spela Årdal sitt gutelag kvalifisering til kretsmeisterskapen. Leander Øy scora mål, sjølv om han var keeper. Han skaut frå midtbana. Fredag og laurdag fekk han prøva seg i to kampar der dei andre spelarane var eldre enn han. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

På to dagar spela 14-åringen kamp for Årdal FK sitt herrelag og for fylkeslaget til 16-åringane

Leander Øy (14) er målmann på Sogn og Fjordane sitt kretslag for femtenåringar. Laurdag fekk han spela på kretslaget til 16-åringane, og spela mot Hordaland i Sotrahallen.

Årdal: – Eg får eit sosialt nettverk når eg reiser på slike turar og møter andre folk. Me vert litt betre kjent med kvarandre kvar gong. Det er ekstremt gøy, seier Leander Øy. 

Han er til vanleg målmannen på G15-laget til Jotun, der han markerte seg som flygande og målscorande keeper i kvalifiseringa til kretsmeisterskapen i byrjinga av denne månaden. 

I tillegg er han på kretslaget til Sogn og Fjordane sitt gutelag, og her får han møta andre jamnaldrande fotballspelarar frå heile fylket. 

Men det som var litt spesielt for Øy no på laurdag, då Sogn og Fjordane og Hordaland brasa i hop til duell, var at det var ein kamp mellom sekstenåringar. Men eitt år yngre Øy steppa inn på grunn av forfall. 

– Korleis var det å spela med dei som er eitt år eldre?

– Dette var den andre samlinga eg har vore på med 2002-modellane, so eg kjende dei frå før denne gongen. Det var ei fin utfordring å spela kampen. 

Sogn og Fjordane tapte kampen i Sotrahallen med siffera 3-1. 

– Eg fekk inn ei god redning i fyrste omgangen. Det var eit gjennomspel som Hordaland hadde, der eg kom ut gjorde meg stor, fortel Øy. 

Dette å gjera seg stor betyr å rusa ut mot ballførar, slik at målet «vert mindre» bak målmannen. 

Øy fortel at han er inspirert av ein fransk og ein tysk sisteskanse. 

– Eg likar spelestilen til Lloris og Neuer. Dei spurtar ut frå mål og bryt gjennombrotspasningane og avklarar ballen effektivt. Dei er flinke til å lesa spelet og bryta opp det som kan verta ein stor målsjanse. 

Fekk offisiell debut på A-laget til Årdal på fredag

Fredag vann Årdal sitt herrelag heile 9-0 mot Kaupanger heime På Jotun stadion, og dermed fekk Øy sleppa til og spela det siste kvarteret. 

 – Det var kjekt og veldig spennande, seier Øy. 

Sjølv om laget hans vann 9-0, var det ikkje berre berre å koma innpå. Kaupingane var målhungrige, på jakt etter eit trøystemål. Men hjå Øy var det ikkje noko trøyst å få, han rydda opp i det som kom.  

– Dei prøvde seg òg på eit langskot, men bomma på mål. Eg hadde kontroll på det skotet, seier Øy. 

Treningane med a-laget

Årdal fotballklubb har ein eigen keepertrenar, og Øy har fått lov å trena med Årdal sitt a-lag sidan han var tolv år. 

Det har vore lærerikt. Ikkje berre har Øy ein dyktig talentutviklar der i keepertrenaren, dei andre målmennene til Årdal FK har òg vore hjelpsame.

I forfjor tok dei vaksne karane omsyn og skaut ikkje ballen so hardt mot han. Men no klemmer dei til av full guff, og Øy kan ikkje vera redd ballen, sjølv om skota måtte vera knallharde. 

– Målsetjinga er halda fram med å jobba hardt, utvikla meg og verta ein god keeper, seier Øy, som har litt å slekta på i fotballen.

Far hans har spela fleire hundre kampar for Årdal, og også spela på Sogndal nokre år, medan morfaren er ein legendarisk keeper i Årdal, både for Årdalstangen og for Jotun. 

Til toppen