FILMAR I LÆRDAL: Produksjonsselskapet Strix skal filma i Lærdal komande søndag. Klippa skal nyttast i ein dokumentar om brannen som herja i januar. Foto: Privat.
FILMAR I LÆRDAL: Produksjonsselskapet Strix skal filma i Lærdal komande søndag. Klippa skal nyttast i ein dokumentar om brannen som herja i januar. Foto: Privat.

No har du sjansen til å komma på TV

Har du alltid drøymt om å komma på fjernsynet? Då har du sjansen på søndag.

Søndag denne veka har du sjansen til å komma på TV. TV 2 søkjer nemleg folk i alle aldrar til å bli med på opptak i Lærdal.

I heile år har produksjonsselskapet Strix jobba med ein TV-serie frå Lærdal, som skal visast på TV 2 seinare.

No søkjer dei folk til i alle aldrar til å vera med på opptak utanfor Kulturbanken på Gamle Lærdalsøyri komande søndag.

Det fortel Odd Helge Brugrand, som har vore tilretteleggar for TV-produksjonen i Lærdal. 

– TV-selskapet har fortalt at dei ønskjer å visa at Lærdal står saman etter storbrannen. Alle som møter opp opp vil bli filma i samla flokk både med vanleg TV-kamera og med drone. Opplegget varar i om lag ein time, seier Brugrand.

Det er i samband med promotering av TV-serien at opptaka utanfor Kulturbanken skal gjerast. Strix håpar at så mange som råd har moglegheit til å komma. 

Så dersom du ønskjer å vera med i TV-serien, må du møta opp utanfor Kulturbanken 12.30 komande søndag. 

Til toppen