FORNØGD: Liv Romøren er svært fornøgd med den nye klinikken og gleder seg til den nye kvardagen ho kjem til å få framover.
FORNØGD: Liv Romøren er svært fornøgd med den nye klinikken og gleder seg til den nye kvardagen ho kjem til å få framover. (Foto: Privat)

No har dyreklinikken flytta: – Det er ein heilt ny kvardag

Det var pynta med ballongar, og bandasje blei brukt som snor då den dyreklinikken opna på ny.

Årdal: – Det er litt kjekt med ei offisiell markering, seier veterinær og dagleg leiar Liv Romøren.

Sjølv om opninga ikkje var før no, har allereie fleire vore innom og sett.

– Eg har jo allereie jobba her sidan eg flytta, og folk har vore innom og spurt om dei kunne få sjå. Då tenkte eg det kunne vera litt greitt å tilby folk ein moglegheit for å komma og sjå på og få ei lita omvisning.

Klinikken var open for alle i to timar, og det var kake og brus for dei som feira dagen.

– Det var faktisk ein del folk som kom. Nokon var her akkurat klokka 12, andre kom etterkvart, og etter det kom det eigentleg jamt utover dei to neste timane. Nokon ville berre sjå, mens andre handla litt når dei først var her.

Fått gode kommentarar

For Romøren har det blitt ein heilt anna kvardag no som ho har bytta ut den gamle klinikken med den nye.

OFFISIELT OPNA: Klinikken blei offisielt opna med kake, ballongar og klipping av bandasjar.

– Både i forhold til etasjen, plass til varer og varelevering er det stor forskjell. Det er det mange som kommenterer òg. Dei påpeiker at det er så god plass og lett å berre stikka innom ein tur, seier Romøren fornøgd.

Òg for ho personleg blir det ein mykje betre måte å jobba på.

– Det blir jo eigentleg enklare i og med at ein har betre plass. Om det skulle skje fleire ting på ein gong, så kan ein plassera folk og dyr på ulike rom. Men det kan òg bli litt travelt fordi folk no lettare kan stikke innom.

Fått fleire «pasientar»

For Romøren var det alltid planen å flytta ned på gateplan. Spesielt dei siste par åra har ho merka at det har auka med «pasientar» som har vore ei utfordring i den førre klinikken.

– Ein merka berre at den var for liten og at det var viktig å bli meir tilgjengeleg. Så det var litt greitt å få det ordna så fort som mogleg.

No som ho har merka at det er fleire som treng ein veterinær, er det ikkje heilt usannsynleg at der vil komma fleire til å jobbe for ho.

– Akkurat no jobbar eg aleine, men det er sånt ein må vurdere. Det spørst jo litt kva ein driv på med. Nokon ting treng ein assistentar til, for eksempel for å kunne gjera ein del inngrep. Men sånn som det er no, er det lagt opp til at éin person skal kunne driva det.

IMG_4857-10-06-18-09-51
IMG_4864-10-06-18-09-51
IMG_4896-10-06-18-09-53
FORNØGD: Liv Romøren er svært fornøgd med den nye klinikken og gleder seg til den nye kvardagen ho kjem til å få framover. (Foto: Privat)
Til toppen