SATSAR: Kristoffer Nystedt viser at han meiner alvor med satsinga si i Årdal etter å ha kjøpt opp Svalheim gard ved sidan av Utladalen Camping. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SATSAR: Kristoffer Nystedt viser at han meiner alvor med satsinga si i Årdal etter å ha kjøpt opp Svalheim gard ved sidan av Utladalen Camping. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No har han kjøpt opp Svalheim gard

Kristoffer Nystedt har kome inn som ein frisk pust etter at han tok over Utladalen Camping i sommar. No har kjøpt opp Svalheim gard for å komplimentera campingen.

– Det er eit fantastisk flott tilskot til campingen. Det gjer campingen og opplevinga heil for både gjestar og oss som driv med dette, seier til Porten.no.

Det er ein glød over heile mannen som i sommar kjøpte campingen. På berre nokre få månadar har han lukkast med å skapa aktivitet og liv på campingen, seinast med eit rebuslaup. No vil han utvida tilbodet ytterlegare og har kjøpt opp Svalheim gard frå Anne Hæreid og Kristiane Seim.

– Når eg fekk moglegheita til det, var det ikkje noko tvil. Dette måtte me berre ha for å utvikla potensialet heilt ut. Det er veldig bra med camping, men det har begrensa med potensiale, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

PLANAR: Nystedt fortel til Porten.no at han har store planar for garden fra 1800-talet.
PLANAR: Nystedt fortel til Porten.no at han har store planar for garden fra 1800-talet.

Store planar

Nystedt listar opp fleire idear for kva garden skal brukast til.

– Her kan du bu på ein gard frå 1893, kor kult er ikkje det? Det er den type overnattingar og opplevingar mange vil ha i dag. Når ein kjem så tett opp mot naturen, er det eit fantastisk produkt å ha ved sidan av campingen. 

– Det blir også lokale tilstelningar og cafédrift. Me ønskjer å gjera garden meir levande med både menneske og dyr. Det er eit investeringsbehov her, men me har planar om å pussa opp hovudhuset, som kan bli eit kurs- og konferanserom, og eldhuset blir pub. Etter kvart på ein ta tak i låven også.

Satsar på opplevingar

Ordet oppleving går igjen i samtalen med Nystedt. Som Porten.no har skreve tidlegare, ønskjer han å satse på bygda med eit eventselskap.

– Det skal bli ein opplevingsstad for folk som ønskjer å koma hit til alle årstider. Me vil gå meir og meir vekk frå campingen og gjera dei meir om til eit eventselskap. Det blir fleire arrangement enn berre camping, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPUSSINGSOBJEKT: Stallen på Svalheim må pussast opp, og planen er å fylla garden med dyr etter kvart.
OPPUSSINGSOBJEKT: Stallen på Svalheim må pussast opp, og planen er å fylla garden med dyr etter kvart.

For å lukkast med det ønskjer han å gjera tilbodet meir komplett slik at målgruppa blir så vid som mogleg.

– Målgruppa er alle som vil komma og oppleva noko gjennom oss, men eit viktig segment er bedriftsmarknaden og nærlingslivskundar, men like mykje teambuilding. Det kan vera guteturar, utdrikningslag, bursdagar, konfirmasjonar, byrllup. Det er uendeleg med moglegheiter, fortel han og ler når han seier at det framleis er rom for den tradisjonelle campinggjesten i grilldress.

– Det vil alltid vera ein god avslappa atmosfære her. Me er glad i alle gjestar.

Årdal har potensiale

Nystedt fortel at han såg på mange lokasjonar før han fann Utladalen og Årdal. Årsaka til at havna her, fortel han, er fordi potensialet her var større enn nokon annan plass. No gledar han og sambuaren Ingvild Svendsen seg stort til å bli fastbuande i bygda.

– Er det ikkje då rart at ingen andre har gjort dette før deg?

– Det er vanskeleg å seia, men det er kanskje litt begge delar. Når ein har ei så stor hjørnesteinsbedrift som Hydro, blir det fort normen, men eg trur det er sunt å ha fleire føter å stå på. 

Turist-boom

Det er ingen tvil om at det han no prøver å få til kan vera ein katalysator for turistnæringa i kommunen.

– Eg trur og håpar det finns utruleg mange folk her som vil det same som meg. Det finns enormt med flinke folk her i form av ulike foreiningar, stiftelsar og enkeltpersonar. Då gjeld det å samla seg og lyfta dette saman, seier han og spår ein oppsving i turismen allereie neste år.

Artikkelen held fram under biletet.

PUB: Eldhuset kan bli ein pub, føresler Nystedt.
PUB: Eldhuset kan bli ein pub, føresler Nystedt.

– Eg trur at allereie neste år vil Årdal få ei stør auka i turisme fordi eg veit at me kjem til å bidra med vårt, og eg trur andre vil bidra med sitt. 

Veldig motivert

Då er det kanskje meir ros i vente til mannen, som årdølene allereie har fått stor sans for.

– Det er hyggeleg det. Eg må seia at eg er veldig glad for at det er så mange i Årdal som er interessert. Eg føler det er mange som bryr seg og synest dette er spennande. 

– Eg lagt hovudet mitt litt ut og vore litt offensiv, men det er ein motivasjon til å lukkast og gjera dette bra fordi eg ønskjer å gjera dette bra for dei som bur her. Eg kjenner litt på presset. Eg gjer ikkje dette berre for meg sjølv, men også for at dette skal vera bra for Årdal.

Til toppen