Lærdal: Det er lærdølen Ole Ramshus Sælthun (32) som er tilsett som ny arrangementskoordinator. 32-åringen skiftar dermed beite frå jobben som journalist i Porten.no.
– Det er fleire grunnar til at me gjekk for Ole. Me har hatt ein omfattande prosess med to rundar med intervju. Han gav oss tydelege og konkrete tankar om kva han vil få til og korleis han vil angripe dette, seier Tokvam.
Det var 21 søkjarar til stillinga. Tokvam fortel at det var eit breitt spekter av personar som søkte.

– Det var eigentleg ein kjekk jobb å velje mellom desse. Eg merka det tidleg at mange var interesserte då me fortalte om denne stillinga i vinter. Eg trur det er ei spennande stilling.
Blir ein del av omstillingsarbeidet
Sælthun startar i den nye jobben i løpet av hausten. Fram til og med 2018 vil han vere tilsette i Lærdal Næringsutvikling sidan dette er ein del av omstillingsarbeidet til kommunen.
– Så skal me forma stillinga undervegs. Halve stillinga vil vere som koordinator, den andre halvdelen i å delta i omstillingsarbeidet. Målet er å finna permanent organisering innan 2018. Basert på signala som har kome frå næringslivet, er det store forventningar til at dei bidreg til å finna framtidig finansiering til funksjonen saman med andre.
Samhandling
Arrangementsarbeid handlar om både økonomisk, kulturell og sosial verdiskaping. Det betyr mykje for omdømme, identitet og bulyst, seier Tokvam. Han meiner også at arrangementa er svært viktige for å få endå fleire besøkande til Lærdal.
– Med meir samhandling kan me få meir ut av verdiskapinga av det omfattande arbeidet som vert lagt ned. Me må skapa forståing hjå næringslivet at det å vera med og byggja opp under arrangement er noko som har verdi for dei og heile lokalsamfunnet. Også kommunen må kjenne si rolle som tilretteleggjar. Ole skal vera ein person som snakkar med alle desse.