SELT ALLE AKSJANE: Fredag fullførte fylkesutvalet fylkeskommunen sin avtale med Havilafjord AS om salet av Fjord1 AS. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
SELT ALLE AKSJANE: Fredag fullførte fylkesutvalet fylkeskommunen sin avtale med Havilafjord AS om salet av Fjord1 AS. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

No har Havilafjord tatt over siste del av aksjane i Fjord1

Fredag fullførte fylkesutvalet fylkeskommunen sin avtale med Havilafjord AS om salet av Fjord1 AS.

Havilafjord kjøpte 26 prosent av aksjane i Fjord1 i august i fjor. Avtalen var då at dei hadde rett til å kjøpe dei resterande 33 prosentane av fylkeskommunen sin eigardel mellom 1. januar 2017 og 31. mars 2019.

Det er denne avtalen som no er avlutta og oppfylt.

Nedsalet skjer, etter ønske frå Havilafjord, noko raskare enn avtalt, av omsyn til at dei planlegg å børsnotere Fjord1. Det er planlagd generalforsamling i Fjord1 16. mai, og det er avtalt oppgjer for opsjonsaksjane 22. mai 2017.

Fylkeskommunen får ein så god bankgaranti som mogleg for salet av aksjane. Etter planen skulle fylkeskommunen betale 15 mill. kr for denne, men på grunn av at Havilafjord no vil framskunde overtakinga av aksjane, har selskapet tilbydd seg å redusere dette til 10 mill. kr.

Til toppen