HØGE SVEV: Slik svev vil me truleg sjå meir av  framover. Sogndal skisenter håpar nemleg bygging av ein skikkeleg skipark skal bli ei årleg affære.
HØGE SVEV: Slik svev vil me truleg sjå meir av framover. Sogndal skisenter håpar nemleg bygging av ein skikkeleg skipark skal bli ei årleg affære. (Foto: Håvard Nesbø)

Hodlekve har fått sin eigen skipark

Årets store nyvinning for skientusiastane i Sogndal kan fort bli ei årleg satsing. 

Sogndal: Hodlekve er mest kjent for pudder, men no har skisenteret fått eit nytt tilskot. 

– Det er det første året, så det handlar om å kosa seg og prøva seg fram. Me kjem sikkert til gjera endringar framover, seier Adrian Krohn Tøien, som er ein av arkitektane bak skiparken.

SKIPARK: For den som er god nok på ski, ventar det mykje moro blant hopp og rekkverk i Sogndal. Foto: Håvard Nesbø

Unikt i fylket

Han og Trygg Lindkjølen har sett opp såkalla rails, som er rekkverk ein kan skli på, og bygd fleire store hopp. Parken tok ei veke å bygga. Slike leikeplassar har til no vore mangelvare for skikøyrarar i Sogn. 

– Det er jo litt kult å ha noko som ingen andre har, seier Tøien.

Skisenteret seier det har kosta både kroner og dugnadskrefter å få resultatet slik det har blitt. 

– Det har aldri vore ein så bra park i Sogndal før, og eg tvilar på at det er nokon i fylket som kan slå oss heller. Utan at eg har vore rundt alle plassar og sett, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter.

Blir truleg årleg satsing

Han seier motivasjonen har vore å kunne ha eit tilbod dei dagane det ikkje er laussnø.

SATSAR: Skisentersjef Per Odd Grevsnes håpar skiparken ikkje vert eit blaff. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Parken funkar på alle dagar, og så har me sett at det er litt dei same folka som køyrer i park og i laussnø, seier Grevsnes.

Etter sesongen skal dei ta ei evaluering på om dette er noko som skal verta ei årleg satsing. Tilbakemeldingane har vore såpass gode allereie, at tanken fristar den daglege leiaren. 

– Så lenge eg er sjef i Hodlekve, så er det ganske gode sjansar for det, seier han.

Til toppen