Sogndal: Kontrakta er for to og ein halv sesong.

– Først og fremst er me veldig glade på Kristians vegne. Det å få moglegheita til å reisa ut til ein så spanande liga som den tyrkiske toppdivisjonen, er det ikkje mange som får. Og i alle fall ikkje i ein alder av 29 år, seier sportsleg leiar Aasmund Bjørkan, i ei pressemelding.
Fardal Opseth kom til Bodø/Glimt framanfor 2017-sesongen og har levert 38 mål på to sesongar i serien.
– Med det har han skutt seg inn i det absolutte toppsjikt av Glimtspisser gjennom tidene, seier Bjørkan.
Spisstalentet frå Kaupanger spelte for Sogndal Fotball frå 2014 og ut 2016-sesongen, der han totalt skåra 20 mål på 62 kampar.