MÅLET: ÅFK spelarane etter scoringa til Ole Jacobsen. Foto: Jonas Henjum.
MÅLET: ÅFK spelarane etter scoringa til Ole Jacobsen. Foto: Jonas Henjum.

– No har me berre gjort det vanskelegare for oss sjølve

Årdal FK - Hauerseter 0-1

Årdal hadde mange gode sjansar i både første og andre omgang, men det var ikkje nok til å få tre poeng. Truls Hovland stod for mesteparten av skota på mål. Marcin Brzykcy og Johnny Aspeseter Hagen er også namn som merka seg godt på bana.

UEINIGE: Det var anspent stemning på bana i andre omgang.
UEINIGE: Det var anspent stemning på bana i andre omgang.

Årdal FK styrte mesteparten av både første og andre omgang, med mange gode målsjansar. Hauerseter scora etter 85 min (spelar nr.18, Ole Jacobsen) til stor frustrasjon for både spelarane og trenaren til Årdal FK.​

Det var anspent stemning på bana i andre omgang, etter ein takling der spelarane var ueinige med både dommar og motspelar.

Kan bli tøft

Trenar for Årdal FK, Ivan Øy, seier at det ikkje er bra nok spelt av laget.

– Det gjekk dårleg for oss i dag, det var ikkje dette me hadde håpa på. Me hadde nok sjansar til å lage mål.

– Eg er ueinig med scoringa, men me får sjå korleis det var på opptaket, fortel Øy.

Trenaren fortel også at dette var ein viktig kamp for Årdølene. 

– No har me berre gjort det vanskelegare for oss sjølve, ettersom me var avhengige av å vinne denne kampen. Det ser tøft ut for Årdal FK etter denne kampen, seier han.

 

Til toppen