NYKOMAR: Balestrand kommune har berre fem heilt arbeidsledige.
NYKOMAR: Balestrand kommune har berre fem heilt arbeidsledige. (Foto: Peter Wayne/Flickr.com)

No har me to kommunar der du kan telja talet arbeidsledige på èi hand

Balestrand melder seg inn i ekslusiv klubb.

Indre Sogn: I juli i år var det 5 heilt arbeidsledige i Balestrand, 18 færre enn i juli i fjor. Dermed kan dei slutta seg til den eksklusive klubben over kommunar der talet heilt ledige kan teljast på èi hand. Dei har me berre 21 av her i landet.

Sjå tabell nedst i saka.

– Det er openbart gledeleg at arbeidsløysa er låg, det seier seg sjølv, seier Frode Bøthun (KrF), varaordførar i Balestrand, som likevel ser èi utfordring:

– Det betyr at me har rom for at fleire folk kan bu her. Arbeidsløysa bør aldri vera null, det er ikkje sunt. Men først og fremst er dette gledeleg, seier Bøthun.

Næringslivet i medvind

KrF-politikaren takkar næringslivet for dei gode tala. Det går godt med fleire viktige næringar i Balestrand, som frukt- og bærdyrking og turisme. Mindre industriverksemder, som Nesseplast, gjer det òg sterkt. Det dreg med seg tilleggsnæringar, som til dømes byggjenæringa.

– Me har ikkje ei stor hjørnesteinsbedrift i Balestrand, men høg aktivitet i mange små, seier Bøthun.

NAV-statistikken er hyggjeleg lesnad, ikkje berre for Balestrand, men for heile Indre Sogn. Alle kommunane har færre ledige enn snittet for Sogn og Fjordane, og snittet i fylket vårt er det lågaste i landet.

I Aurland er tala så låge at NAV ikkje vil visa dei til oss, av omsyn til personvern. Av apriltala veit me at det er færre enn fire arbeidsledige, noko som er mindre enn 0,4 prosent av arbeidsstokken.

– Me har over tid hatt låg arbeidsløyse, for det har vore stor aktivitet i næringslivet. Men det er veldig gledeleg når det er tilnærma null. Det betyr at det er arbeidplassar tilgjengeleg og at bedriftene er flinke å ta inn arbeidstakarar, sa ordførar Noralv Distad då dei passerte den magiske grensa.

Flest ledige på kysten

I fylket er 888 personar heilt utan arbeid, 65 færre enn i fjor, noko som utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er som vanleg høgast på kysten: Selje har 4,1 prosent heilt ledige, Vågsøy 3,3 prosent og Bremanger 3,2 prosent.

I den andre enden finn me altså Aurland (færre enn 4 heilt ledige), Hornindal (0,6 prosent heilt ledige) og Balestrand (0,7 prosent heilt ledige). 

Heile 12 av 26 kommunar har 1 prosent eller lågare arbeidsløyse

– Når me ser på tala for juli kan me konstantera at den gode situasjonen på arbeidsmarknaden i fylket held fram, seier Frode Henden, presseansvarleg i NAV Sogn og Fjordane.

På landsnivå er det no 70 558 heilt ledige, 2,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløysa i Indre Sogn

Kommune Tal ledige Prosent av arbeidsstyrken Endring frå i fjor (tal) Endring frå i fjor 
Aurland * * * *
Balestrand 5 0,7 -18 -78 prosent
Luster 25 0,9 -6 -19 prosent
Sogndal 43 1,0 -3 -7 prosent
Leikanger 12 1,0 1 9 prosent
Vik 14 1,0 3 27 prosent
Årdal 26 1,0 -7 -21 prosent
Lærdal 14 1,2 5 -56 prosent
Sogn og Fjordane 888 1,5 -65 -7 prosent
Til toppen