NYE LOKALE: Onsdag opna Vinmonopolet i Årdal dørene til det nye lokalet på Årdalsenteret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE LOKALE: Onsdag opna Vinmonopolet i Årdal dørene til det nye lokalet på Årdalsenteret. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

No har «nye» Polet opna

Vinmonopolet i Årdal har flytta inn på Årdalsenteret og opna dørene onsdag.

Årdal: – Sjølve lokalet er kjempefint. Me er utruleg nøgde med butikken. Den er moderne, nyoppussa og tilpassa vår storleik, seier Mildrid Uvaas Kvamsdal.

Det var tilbake i februar Vinmonopolet varsla at dei ønskte å flytte på seg til eit litt mindre lokale. 

Då Cleopatra ikkje var lenger på Årdalsenteret, passa det fint å flytte inn her. 

– Sortimentet er det same, men opningstidene er utvida med 1,5 timar i veka. Me er opne ein halvtime ekstra måndag til onsdag, fortel Kvamsdal. 

Innredninga på lokale er ny med nye fargar og design. No håpar ho dette vil styrke både Vinmonopolet og senteret.

– Eg håpar det kan gi auke for både oss og dei andre butikkane, at det drypp på begge sider, seier ho. 

Til toppen